Studiestart

Måndag 18.august kl 06:35 satt eg meg på toget frå Oslo S, og etter eit par timar med soving var eg framme, Evenstad. Eg sto der på togstoppet og såg 2-3 andre ungdommar gå av toget, ellers var det heilt tomt. To hus, og ei togskinne var alt eg såg i denne skogen. Var dette Evenstad?

Eg er Ruben frå Fresvik, ei lita bygd inni Sognefjorden. Sjølv om eg kjem frå ein liten plass har eg ikkje budd heime sia eg flytta ut som 16 åring. Når eg starta på vidaregåande skule i Sogndal flytta eg dit og budde med søskenbarna mine på hybel, og iløpet av utdanninga tok eg eit utvekslingsår i USA. Eg har gradvis budd i større og større byar, men dei neste 3 åra skal eg no bu på Evenstad. Evenstad som har 200 studentar, ein nærbutikk, lite lokalfolk, norges største elv og masse skog. Dette vil bli spanande!

 

Dette er ikkje første gong eg går på høgskule, for i 2008 starta eg på Høgskulen i Molde, og tok Bachelorgrad i Sport Management. Etter studia i Molde flytta eg til England der eg jobba som personleg trenar i fram til i fjor sommar. Deretter meldte eg meg som idrettsfredskorpser i Afrika. Eg reiste til Zambia saman med 12 andre norske ungdommar som skulle arbeide 10 månadar i Sørlege Afrika. Det var ein lang og lærerik erfaring som eg alltid kjem til å hugse.

 

Så i vår, når eg var i Zambia og browsa på utdanningsretningar gjennom Samordna Opptak, så søkte eg opp Utmarksforvaltning, og Høgskulen i Hedmark, Evenstad dukka opp. Og no sitt eg her. På Evenstad.

 

Den første dagen var det mykje informasjon og mange nye fjes. Me fekk omvisning på campus av fadderane våre og blei snart kjent med vårt nye heim. På kvelden var det grilling og sosiale aktivitetar. Studia starta ikkje før onsdag, for dei første dagane er det lagt vekt på å finne seg til rette, og bli kjent med dei framtidige venene dine. Når me starta på onsdag kl 09:15 fekk me ein introduksjon i faget, Vegetasjon og Klima. Den første perioden er det svært mykje praktisk, det vil sei at me er ute i skogen/fjellet for å sjå på ulike vegetasjonar. Undervegs lagar me eit herbarium som skal leverast inn før 3.oktober.

 

Ettersom eg har budd mykje i utlandet, så har eg satt veldig stor pris på naturen me har i Noreg. Kvar gong eg var heime på feriar tok eg meg alltid ein fjelltur. Sjølv om eg er svært glad i å vere ute i naturen, så har eg sjeldan stoppa for å sjå på kva som faktisk er rundt meg. Berre iløpet av nokre få dagar ute i skogen med Høgskulen i Hedmark har eg lært utruleg mykje om naturen

 

Den andre veka på skulen har me også starta faget Praktisk Skog, det vil sei at me lærar om skogverdi, volum, kategoriar av skog og mykje meir. Her er me også mykje ute i skogen for å analysere og øve oss. Dette er også eit fag eg likar svært godt, ettersom det er litt matematikk (eller logisk tenking?) og praktisk arbeid i faget.

 

Ettersom eg har absolutt ingen erfaring med utdanning innan skog og utmark, så lærar eg noko nytt kvar einaste dag. Det er utruleg givande og spanande. Eg gler meg til fortsettelsen!

Låven
«Låven» vår: Solcellepanel på taket, gymsal, grupperom, klasserom, IT rom, kontorar etc.
Praktisk Skog
Praktisk skog, gjennomgang
Trine-Lise klar for Praktisk Skog
Trine-Lise klar for Praktisk Skog
Praktisk Skog, i skogen
Praktisk Skog undervisning, i skogen
Tur i skogen
Tur i skogen med Skog- og Utmarksklassen
Campus Evenstad
Campous Evenstad
Vegetasjon & Klima
Vegetasjon & Klima
Vegetasjon & Klima
Vegetasjon & Klima
Undervisning i skogen
Undervisning i skogen
Undervisning
Undervisning
Klasserom på campus
Klasserom på campus
Veslestu, studentbolig
Veslestu, ein av studentboligane på campus. Glomma litt bakom buskane til høgre på bilete
Låven
Låven
Campus Evenstad
Campus Evenstad. Hovudbygget til høgre, og badestampen ligg mellom Glomma og hovudbygget.
Kubb speling på kvelden
Kubb speling på fotballbana ein kveld førre veke. Lavvoar i bakgrunnen blir brukt til grilling og som ein sosialt møtestad.

 

2 kommentarer om “Studiestart

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s