Aktivitetstilbod på Evenstad

Evenstad er ikkje så lett å finne om ein ikkje veit kva ein leitar etter. Grunnen til det er fleire. Manglande skilting er ein grunn. Det finst berre eitt eller to skilt på R3 som peikar retning Evenstad når ein køyrer frå storebyar som Elverum nordover i retning Koppang og Atnoset. Høyrt om desse plassane før? Nei, ikkje eg heller før eg flytta hit.

Evenstad brua
Denne brua må du over for å komme til Evenstad, om du køyrer R3

Evenstad er egentleg èin gard som blei bygga om til ein skogsskule i 1912. Historien er lang, men kort fortalt var det ei gåvemild og høgt respektert dame ved namn Anne Evenstad som ga både formue og eigendom bort, slik at det blei mogeleg å byggje den kjente skogs- og utmarksskulen ved Glomma.

Praktisk skog
Praktisk Skog forelesaren tok oss med ut på befaring av spesialtømmer. Mannen i oransje er ein ekspert på stolpar, stamblogg etc

Ettersom Evenstad er ein svært liten plass, så er det viktig at ein har aktivitetsmogelegheiter ved sia av skulearbeidet. Når ein er student, så er alltid hovudfokuset på sjølve studiet, men det er også viktig å kunne koble av innimellom.

På Evenstad tilbyr skulen fleire forskjellige linjer, hovudsakleg bachelor i skogbruk og utmarksforvaltning, men også årsstudium i vilt og fiskeforvaltning, skogbruk eller fiske, jakt og naturveiledning. Og så finst det mastergrad i anvendt økologi. Tilsaman blir dette rundt 200 studentar, og alle samla på ein “bodegård”.

Aktivitetstilboda er heldigvis mange:

Kajakk/Kano: Me har fleire kanoar/kajakkar til disposisjon der me kan låne dei når som helst. Glomma er 10 meter frå skulebygga og det er ei roleg og stor elv som er som laga for elvepadling. Ein kan blant anna kombinere det med fisking.

Ski/Sykkelutleige: Ein kan låne både ski og sykklar av skulen. Så om ein vil ta seg ein tur ein søndags ettermiddag eller berre ein kveldstur, så er det fullt mogeleg. Her i Hedmark er det flust i turmogelegheitar.

Roget på Evenstad
Toget kjem alltid, før eller seinare

Reising: Toget stoppar ca 1 km frå skulen, så det tek ca 10-15 minutt å gå til togstoppet. Toget går både sørover og nordover, så om du vil til Trondheim eller syden, så kan du bruke toget som transportmiddel. Eg må sei at stille-vogna på lokaltoget eignar seg ypparleg som leserom.

Fotball: På Evenstad har me ei fotballbane med to mål som blir brukt ein til to gonger i veka av studentane. På vinterstid spelar me inne

Gymsal: I “låven” har me ein stor gymsal med mykje utstyr. Alt frå bordtennisbord til boksehanskar. Blir brukt til innebandy, volleyball, klatring og fotball regelmessig.

Datalab: Er du personen som likar å sitte foran dataskjermen heile døgret kvar dag? Vel, då er ikkje utmark- eller skogutdanning på Evenstad noko for deg. Men om du sitt å les blogginnlegg som er skreve av ein Sogning i Hedmark  ein gong iblant, så har me her på Evenstad ein datalab som er tilgjengeleg 24/7.

Jakt: Dette er noko som interessarar svært mange på Evenstad. Skulen har jaktløyver som er tilgjengelege for ein billig penge til studentar. I tillegg har me ei skytebane ca 2 km frå skulen som me kan nytte av oss når ein vil.

10413323_10204616465554122_3348944603658973290_n
Skog-studenten Torbjørn hadde ei vellukka jakt i haust. Her med to tiurar

Fiske: I Glomma, som er Noregs største elv, finst det fisk, noko som gjer at dersom du har fisking som hobby så er Evestad ein bra plass å bu. Studentane har ein grei ordning med fisking og ein kan øve på flugefisking så mykje ein vil. Om ikkje elvefisking er noko for deg, så er det kort tur til Tronkeberget der ein finn fjellvatn/tjern som ein kan fiske i for ein svært billig penge.

Bål/Lavvo: På Evenstad har me vår eigen bålplass. Her kan me vise fram våre friluftseigenskapar med å tenne bål utan fyrstikker eller tennbrikker. I tilelgg til bålplass har me lavvoar som me også kan tenne bål i, og hygge oss. Desse lavvoane ligg like ved elgane me har inngjerda på campus.

Badestamp/Basstova: I Hedmark kan det bli kaldt om vinteren, og då er det viktig å kunne varme seg. På campus har me både ein stor badestamp og ei basstove som me har fri tilgang til. Av og til kombinerar me basstove/badestamp med Biotopen

skog
18 km i denne retninga finn du Koppang

Biotopen: Dette er studentbaren vår. Her samlast me på tysdagar for å sosialisert med biljard, dart, beerpong, quiz, halloween, kortspel etc. Det er alltid eit opplegg slik at ein tysdagskveld aldri blir den same. Snart blir det arrangert Hausttakkefest, noko som er ein stor happening på Evenstad.

Koppang: Bygda på ca 1500 innbyggjarar ligg ca 18 km nord for Evenstad. Her har dei fleirbrukshall, butikkar, bensinstasjon, fotballag og alt anna ei mellomstor bygd har. Toget vårt går også via Koppang når det køyrer nordover.

Trening: På Evenstad har me vårt eige treningsrom. Det er ikkje så Styrkerommet ser slik ut dei fleste morgonane. Tomtavansert, men det er bra nok. Neste haust, det vil sei når kanskje du startar å studere her, så har me heilt nye bygg med blant anna eit flunkande nytt treningsrom.

Shopping: Arnesen er vår lokalbutikk. Her kan du få kjøpt alt frå dokost til micropopcorn. Berre èin gong har eg gått frå butikken utan å ha funne alt på handlelista mi (det var kokos). Eg utfordrar deg til å finne noko Arnesen ikkje har tilgjengeleg.

Pianospeling: Alltid hatt lyst til å spele piano seier du? Då har du flaks! På høgskulen har me to pianoar som står på Låven. Få deg ein venn som kan spele piano, og lær deg å spele på kveldstid!

Og det er fleire aktivitetstilbod på Evenstad, men då hadde dette blogginnlegget blir frykteleg langt, og eg er ikkje sikker på om du hadde orka å lese om aktivitetar som fuglekikking, symjing, isbading, «kino», steinkasting, kubb, off-pist-orientering etc.

Trysil tur
Avsluttar innlegget med dette bilete. Her har me fått lånt ein av bilane til Høgskulen for å dra på Kick-off. Sarah-Louise, Trine-Lise, Caroline, meg og Knut på veg heim etter ei helg på Trysil

2 thoughts on “Aktivitetstilbod på Evenstad

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s