Munnleg eksamen

Her på Evenstad fungerar årshjulet i 4 blokker gjennom eit skuleår. Det vil sei at me har 4 eksamensperiodar/veker istaden for 2 som er mest vanleg på høgskular. Tidlegare i haust har utmarksforvaltning og skogbruk klassane berre konsentrert oss om 2 fag, “praktisk skog” og “vegetasjon & klima”. Neste blokk som startar neste veke blir så to nye fag (“rapportskriving” og “offentlig forvatning”).

Iløpet av det fyrste året har utmarksklassen og skogklassen dei same faga heilt fram til blokk 4,
så det vil sei at me er 40-50 stk i klassen.
Denne veka er fyrste eksamensveke, og me starta med munnleg eksamen i Praktisk Skog.
Ettersom me er så mange studentar går det over 3 dagar, og me må anten halde den 20
minutters lange eksamen på måndag, tysdag eller onsdag. På torsdag er det ein 3 timers lang
teorieksamen i vegetasjon & klima.

Eksamenslesing i Veg & klima
Eksamenslesing i Veg & klima

Eg hadde ein ynskje om å få eksamen på måndag, men eg fekk tysdag kl 14:00. Det var ikkje
mykje å gjere med det, og fekk då ein “ekstra” dag å lese til skogeksamen på.

Eg har ikkje vore spesielt nervøs før eksamen, og eg sov godt i natt, men eg må sei eg vart
småsveitt iløpet av dagen i dag.
Den siste veka har eg førebudd meg bra. Eg har lest, skreve notatar og gått gjennom gamle
PowerPoint presentasjonar, samt brukt Google til å gi meg svar på det eg sleit med å finne i
notatar frå forelesingar.

 

2014-10-21 22.37.59
Men ei veka før eksamen var det Halloween fest. Ser du meg?

Sist gong eg var oppe var i munnleg eksamen var i samfunnsfag som privatist på Sogndal vidaregåande skule våren 2005. Den gong fekk eg “blackout”, som eg trur var ein følge av at eg
ikkje hadde lest godt nok. Så klok av skade leste eg meg godt opp og planla korleis eg skulle
gjennomføre eksamen.

2014-10-27 17.32.22
Kvelden før eksamen reiste eg til Sør-Odal for å promotere HiHm

Eg starta dagen med ein joggetur, før eg leste litt notatar som eg på det tidspunktet ikkje hadde fått klistra i hjernen. Kl 12 fekk eg ut mykje nervar og spenning i treningsrommet på Evenstad.

2014-10-16 04.57.24
Ein kan sjå på skoa at hausten har komme til Evenstad

Klokka 13:55 gjekk eg til eksamenslokale iført ei Sogndal Fotball tskjorte og shorts, haldande ein tekopp og ei flaske vatn. Grunnen til å ta med seg vatn og te er for å få “kunstpausar”. Om det skulle stoppe opp og eg treng ein tenkepause, så kan eg ta ein slurk vatn medan eg tenker meg om, og dette vil då ikkje sjå unormalt ut. At eg var iført shorts og tskjorte var fordi eg føler meg mest komfortabel i desse klea.
Eg kom inn og blei bedd om å trekke ein lapp. På denne lappen sto det eit eller fleire spørsmål der eg hadde 5 minutt på å førebu meg, og så skulle eg presentere det eg kunne så godt som mogeleg. Før eg kom inn hadde eg bestemt meg for å bruke dei 5 minutta så godt som mogeleg.
Det er mykje lettare å komme på hugsereglar og “detaljar” når ein “sonar ut” der ein konsentrerar seg og stenger ut alt anna. Det er mykje verre å prøve å svare ein lærar eller sensor når eg står framfor dei. Då kan få sekundar kjennast som ein evigheit.

 

2014-10-14 17.48.33
Skogsdrift i Evenstad området

Når det hadde gått 5 minuttar brukte eg tavla til å skrive og teikne. Det har blitt ein vane for meg.
Eg har alltid likt å bruke tavla, for då blir fokuset på tavla, og ikkje konstant rett på meg. Eg prøver også å bruke litt humor der det passar seg.

 

Dei 20 minutta eg skulle snakke om logistikk i skognæringa, informasjonsog verdistraum etc. gjekk svært fort. Eg fekk eigentleg ikkje problem før på slutten av tida, då eg fekk spørsmål angåande virkeskontrakt og anna “smårusk”.
Eg gjekk ut med ein halvfull kopp te og ei full flaske vatn. Det var ei letta kjensle eg sto igjen med, og så er det rett på lesing til neste eksamen. Vegetasjon og Klima. Eg er småsveitt allereie.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s