Ut i 100 frå startblokka

 

Førre blogginnlegg skreiv eg om eksamen, og det var avslutninga på blokk 1 av 4.

Denne metoden med å dele skuleåret opp i 4 blokkar istaden for 2 semester tykkjer eg er ein stor fordel for oss studentar. Me får fokusert på dei få faga/eksamenane me har over ei kort tid. Etter eksamensveka startar ei ny blokk, og neste eksamensveke er ikkje før i veke 3 i januar. I noverande blokk (blokk 2) har me offentleg forvaltning og rapportskriving. I tillegg tek eg eit fag som eg egentleg skal ha i 3.året, naturoppsyn, det er fordi eg vil jobbe ekstra denne blokka, og mindre i 2.blokka i 3.året.

 

Sjølv om det gjekk bra på eksamen for 2 veker sia, så er det også godt å starte med blanke ark og nullstille seg. Desse faga er mykje meir teoretiske enn praktisk skog og vegetasjon & klima som me hadde i blokk 1, så det kan bli meir utfordrande på andre måtar.

snø

No nærmar det seg snø på Evenstad, og sjølv om me har hatt snøfall, så har det endå ikkje lagt seg skikkeleg. Temperaturen ligg på ca 0 grader og eg ser fram til ljosare dagar med kvitt dekke i området. Her på Evenstad er det gode skiforhold (for bortoverski, ikkje nedoverski) så om ein er glad i å gå med plankar under beina, så er Evenstad absolutt ein bra plass å opphalde seg ein vinter eller tre. Det blir lagt til rette for skiløyper, og så har me både lavvo og bålplass som me kan kose oss med. Så om du kjem hit, så hugs å ta med ski

 

Når snøen og kulden får satt seg, så blir det også mogeleg å gå på ski over Glomma, og det er noko eg ser fram til. Når det skjer kan ein bore hol i isen for å prøve seg på isfiske. Dette er også ein del av eit prosjekt i faget rapportskriving i byrjinga av januar. Alle elevane skal ut for å fiske etter den største/minste fisken, og så blir det “Afterfish” på Biotopen (studentpuben) etterpå. Dette vil eg skrive meir om på nyåret.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s