Hundeeigar på Evenstad

Ein av dei veldig positive sidene med å bu på Evenstad er at det går fint webcam-toy-bilde8å studere samstundes som ein er hundeeigar. Då eg leste om skulen for ca eitt år sia fekk eg eit godt inntrykk av skulen, blant anna på grunn av den gode tilrettelegginga for hundeeigarar. Her har me ein hundegård som ein kan leige for ein symbolsk sum i halvåret. I fleire år har eg tenkt å skaffe meg hund.

For to veker sia kjøpte eg 20 måneder gamle Mille, ein Golden Retriver som har blitt godt oppdratt og har lært å gå blodspor. Ho er svært vennleg og er godt likt av alle, både andre hundar og studentar. I den tidlegare heimen hennas blei ho litt utafor ettersom det var ein hundefamilie på 4-5 store hundar. No er ho blitt midtpunktet, og ho har hundevener på hennas størrelse som elskar å leikeslåss med.

webcam-toy-bilde7
Mille i midtpunktet

For at eg skulle få lov å kjøpe Mille måtte eg love den tidlegare eigaren å trene blodspor, slik at ho vedlikeholder evnene sine. Det har eg gjort, og når klassekameratar gir meg elgebein etter ekgjakta i område er det ikkje noko problem å finne finnarlønn til Mille etter endt trening. Å gå blodspor er noko av det kjekkaste Mille veit, og dette er nytt for meg også, så både hund og hundeeigar kosar seg på trening. I framtida håpar eg å få trent ho som redningshund, men no er fokuset på blodspor og apport.

spor3
Blodspor trening

Mangen vener utafor Evenstad har spurt meg korleis eg som student har tid til å vere hundeeigar, og svaret på det er enkelt: Eg bur på Evenstad. Her har me ein campus midt ute i ødemarka, så hundane kan springe fritt, me har store friluftsområder med mange turmogelegheiter. Å gå studere på Evenstad er ikkje som å studere andre plassar. Når eg har 20 minutt pause mellom forelesingane kan eg gå heimom (tek ca 1 minutt) for så å lufte Mille i 17-18 minutt. Timeplanen er også passande for både meg og Mille, der me som oftast ikkje har meir enn 3 timar forelesingar pr dag, slik at Mille blir veldig lite sittande aleine.

Eg har laga ein liten video frå ein dag eg var ute med Mille. 

http://www.magisto.com/embed/YV0ZMFMIFjAwTUdhCzE?l=vem&o=w&c=b

Som sagt, så kan alle potensielle framtidige Evenstad studentar ta med seg hund, eller hest. Me har tilogmed ein stall på campus!

 

 

webcam-toy-bilde2

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s