Utlandsopphald frå Evenstad

Når ein er blitt student på Evenstad er det mogeleg å ta delar av utdanninga i utlandet. Høgskulen i Hedmark har eit godt samarbeid med NordNatur (http://nordnatur.net/) der dei tilbyr studentar å ta kurs i andre land. Totalt er det 13 partnarar i NordNatur. Alle høgskular frå dei nordiske landa er med, i tillegg til Estland, Litauen, og Latvia. Her kan ein velge svært mykje sjølv, og det tilbys både intensivkurs på kort opphald i 1-3 veker, og lengre opphald (frå 1 mnd. til 2 semester).  For å finanisere desse kursa kan ein søke stipend som dekkar både flybilletar, kost og losj. I tillegg vil ein framleis motta det normale studielånet/stipendet om ein vel å ta eit intensivkurs på ein kort periode.

Kriterie for å reise ut er at kurset er fullført 1. året i utdanning og at kurset er relevant for studiet.

Mange synes det høyres skummelt ut å reise til eit nytt land for å ta utdanning i eit framandspråkleg land, men dette viser seg ofte å ikkje vere noko stort problem. Ein kjem fort inn i systemet, og så lenge ein er motivert og yter litt ekstra går det veldig bra. På Rena, der ein studerer bl.a. music management er det obligatorisk med eit semester i utlandet, som oftast i USA. Dette gjer dei for at studentane skal knytte kontakter med næringslivet i utlandet, då mogelegheitane er større i andre land enn Noreg.

Eg har sjølv studert i utlandet og kunne godt tenkt meg det igjen. Her på Evenstad finst det så mange mogelegheiter til å reise at eg står ganske fritt for å velge både destianasjon, varighet, kurs og vanskelegheitsgrad.

blogg

I fjor reiste to Evenstad studentar til New Zealand på vårsemesteret, og i år er det ein utmark-student som er eit år i USA. Elles er det nokre som reiser på dei intensive korte kursa i dei nordiske landa, men det er mange som ikkje har fått nok informasjon om tilbodet. Med dette innlegget håpar eg folk får augene opp for mogeleheita som er tilgjengeleg på Evenstad.

Å ta delar av utdanninga i utlandet meinar eg er svært viktig, både for sjølvinnsikt og lærdom. Ein lærar utruleg mykje ved å reise ut, istaden for å bli verande i komfortsona si. Å ta eigne valg, møte nye folk, ny kultur og nye omgivelsar er viktig faktorar for å lukkast i næringslivet. Eg håpar og trur at fleir studentar på Evenstad nyttar seg av det gode tilbodet av å reise ut i utlandet for kortare eller lengre opphald. Torer du, så kast deg ut i det!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s