By og land; London og Evenstad

I helga var eg på ein liten tur til Bristol i England, og kunne ikkje unngå å reise gjennom London. Eg tenkte eg kunne kombinere dette med litt julehandling ettersom eg var i storbyen. Dagen etter julehandlinga reiste eg tilbake til Evenstad.

Kontrasten mellom by og land kunne ikkje vore sterkare.

Sundag 7/12-2014. Oxford circus, London. Kl 13

article-2179187-143B4559000005DC-371_964x634
Oxford Circus sett frå ovanfrå

Eg kjem fram med t-bana, og idet eg tek steget ut på Oxford Street er det som eit lufttrykk av folk slår i andledet mitt. Eg burde ikkje vore overraska, men eg er det likevel. Gatene er stappfulle, og eg veit nesten ikkje kva eg skal gjere av meg. Eg følg straumen av folk som fører meg til ein Sports Direct butikk, eg går inn for å komme meg vekk frå den store folkemengda. Her tenkjer eg at det bør vere mogeleg å finne noko som kan gis vekk på julafta. Sjølv om det var mange folk i den 4 etasjers store butikken føltes det godt å sleppe å dele intimsone igjen. Etter litt trasking fann stort sett berre gåver til meg sjølv og gjekk tilbake i hovudgata. Medan tida gjekk, blei det berre meir og meir folk i gatene, og eg hoppa inn i den eine tilfeldige butikken etter 94042467321bfbc998872d307ecc9d96den andre for å sleppe folkemassene. Når klokka passerte 16 var butikkane like overfyllte som gatene. Eg prøvde å gå inn i ein Disney butikk for å handle gåver til nevøane mine, men snudde etter 3-4 meter. Til slutt måtte eg gå i nabogatene der det var mykje mindre butikkar, men også mindre folk. Det føltes godt å puste igjen.

 

Måndag 8/12-2014. Evenstad, Hedmark. Kl 20

Eg var kommen heim til Evenstad etter ei lang reise med forsinkelsar, kansellerte fly og hektisk springing for å rekke toget.2014-11-30 12.58.51

Eg var sliten og trøytt, men som kjent må hundar luftast, og eg kledde på meg for å gå tur med Mille. Vottar, ullsokkar, dunjakke, lue, hovudlykt måtte på. Eg gjekk ut, og det var ikkje ein levande sjel å sjå, bortsett frå Kim-Andrè som tok seg ein liten kvil mellom fotballspelinga i gymsalen. Etter ein liten prat gjekk eg og Mille til Styggeskogen, over togskinna og inn i skogen på ein godt brøyta skogsveg. Eg fann fort ut at det ikkje var naudsynt med hovudlykt, ettersom fullmånen og stjernene lyste opp nysnøen som hadde komme medan eg gjekk inn og ut av butikkar i London.

Det var -10 grader og ingen å sjå eller høyre. Mille sprang rundt etter hare- og elgspor. Det var som natt og dag frå den opplevelsen eg hadde i London. Det er mykje bra med storbyar, også London, men akkurat der og då hadde eg valgt Evenstad framfor alle andre plassar. Kanskje er det derfor eg har endt opp på Evenstad. Her har me snø, kaldt vær (ja, det mykje betre enn mildt og vått!), stillheit og ein heil skog for oss sjølv!

Så om du er som meg, likar livet på landet litt meir enn storbyen, så anbefalar eg absolutt å søke deg til Evenstad!

No er det berre ei god veke før 2014-12-09 11.55.32me tek juleferie på Evenstad, ogeg ser fram til å komme heim, men samstundes er det fantastisk deilig å vere her for tida!

mille2
Mille i farta

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s