16 veker på Evenstad

Det er ganske nøyaktig 4 mnd./16 veker sia eg kom til Evenstad for fyrste gong, og det er på tide med eit lite tilbakeblikk.

Har det blitt som forventa? Stemte førsteinntrykket? Korleis var det etter nytid-adrenalinet (ofte er alt bra/dårle i starten, men korleis er det når pulsen går ned?)? Korleis er det sosialt? Kva inntrykk av Evenstad har eg no?

2014-12-15 21.14.53

Om me ser tilbake på mitt første innlegg (kort oppsummert: presenterte meg sjølv, litt om første veka på skulen, om kursa og naturen i område), så har opphaldet på Evenstad svara forventningane mine. Eg har likt meg på Evenstad frå dag éin, og gjer det framleis. Dei fleste helgene har eg vore andre plassar enn Evenstad (Oslo, Røros, London, Gøteborg, Fresvik osb.), så eg har ikkje vore på Evenstad heile tida. Men det er i vekedagane det skjer på Evenstad, og i helgene reiser folk flest på jakt eller på helgetur. Uansett, så har det svara til forventningane. Naturen er fantastisk (og eg kjem frå vestlandet!), snøen kjem tidleg(!) og medstudentane er veldig likesinna. Eg har kasta meg over ulike aktivitetar, og skulle ynskje eg hadde tid til å vere med på endå meir. Gjennom parlamentets møter har eg blitt kjent med studentar frå Elverum, Blæstad, Rena og Hamar. Så når eg var ei helg i Elverum møtte eg tilfeldigvis på mange kjentsfolk, slikt er moro.

2014-12-12 16.13.54
Peparkakehuskonkurranse etter julebordet

 

Det finst mange ulike aktivitetsmogelegheiter på Evenstad, men somme tider må ein ta tak sjølv, slik som alle andre småplassar. Ein kan få med seg ein gjeng eller ein person på forskjellige turar, som kano/kajakk/syklar/ski etc. (stevnemøte i kano på Glomma, kor bra blir ikkje det?!). Les mitt tidlegare blogginnlegg om fritidsaktiviteter på Evenstad. Iløpet av tida di her arrangerer me (studentsamfunnet) hausttakkefest, julebord, treningar og mykje anna. Det er berre å slenge seg med når du kjem!

2014-12-09 11.55.20

I haust fekk eg meg min første hund, noko som har gått smertefritt på ein plass som Evenstad. Hunden min, Mille, har fått mange gode leikekameratar, noko ho ikkje hadde tidlegare. Når eg har måtte reise bort har det aldri vore noko problem å få nokon til å lufte/mate  ho.

2014-12-14 14.54.46 (1)
Blodspor trening. Finnarløn: elgbein og godsaker

Om det er nokon der ute som er skeptiske til å studere på Evenstad fordi det er så lite og avsidesliggende, så er det nettopp difor ein bør søke seg hit! Her har du læringsarenaen både ute og inne. Fasilitetane på skulen er svært moderne, og nye studentbustader står klare til sommaren. Å gå ein tur inn i skogen før skulestart, eller etter forelesinga er berre fantastisk. Det tek oss ca 10-15 minutt roleg gange frå campus til Evenstadlia!

2014-12-10 21.12.28
Gruppearbeid med Kasper og Kim-André

Om du er i tenkeboksen om å søke deg til Evenstad, så meinar eg Evenstad er eit veldig bra valg. Lurar du på noko kan du spørre meg, berre legg igjen ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor 🙂


På fredag vendar snuten til Mille, og nasen min, heimover til Sogn, og så kjem eg att med meir blogging i byrjinga av januar. God jul!

2014-12-09 11.51.37

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s