Tilbake frå juleferie

Då er juleferien over for denne gong. Eg tok ferie torsdag den 18.desember og kom tilbake den 5.januar. Nesten 3 herlege veker heime i Sogn, der eg brukte nokre dagar på reising gjennom Elverum, Hauersæter, Oslo og Leikanger.

ski ski2 

Eg skal ikkje fortelje så mykje om kva eg har gjort i ferien, for eg reknar med at dei fleste unge har gjort akkurat det same som meg. Istaden skal eg skrive litt om kva som ventar meg dei neste vekene her på Høgskolen i Hedmark (HiHm).

Me hadde årets første forelesing i dag. Det var deilig å starte veka på ein tysdag, men no blir det fullt køyr framover. I morgon er det skulemeisterskap i isfiske, så skal ei gruppeoppgåve leverast inn på torsdag, og ei anna som har frist på tysdag neste veke. Veka etterpå er det eksamensveka med to heime- og ein skriftlegeksamen så no blir det hektisk studenttilværelse.

2014-12-22 15.09.55
Mille kosar seg med bål i skogen

 

I tillegg til å blogge, jobber eg også i markedsteamet til HiHm, det vil sei at eg er med på skulemesser der eg fortel om kva HiHm har å tilby, spesielt campus Evenstad. Og på måndag og tysdag skal eg jobbe i Oslo Spektrum der det blir arrangert ei messe for høgskular og unviseritet. Her skal eg saman med ei handfull andre HiHm studentar fortelje kvifor det er så fantastisk å studere på HiHm (Hamar, Elverum, Rena, Blæstad og Evenstad). Det blir moro! Så om du skal på Oslo-messa, så kanskje me sjåast? I slutten av januar blir det ei veke med universitetsturnè rundt om i Oppland og Hedmark, og i starten av februar tek eg turen til Trondheim for å snakke med fleire framtidige høgskule studentar.

2014-12-24 09.14.03
Skitur på sjølvaste julafta

Det blir med andre ord veldig hektisk framover, men det går som oftast bra for snille gutar.

2015-01-06 22.22.49

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s