Isfiske

Ein del av studietida for oss som går utmarksforvaltning og skog er mykje ute i naturen. Det blir ikkje så mange overnattingar ute, men me er ofte ute å observerer eller lærer noko nytt. Denne gongen skulle me ut på isfiske.

isfiskekonkurranse_large
Foto: Marius Hasse

7.januar var det skulemeisterskap i isfiske. 1.års studentane i utmarksforvalnitng og skogbruk hadde gjennom faget rapportskriving ein uhøgtidleg konkurranse. Her var alle studentane invitert til isfiske, me fekk låne både utstyr og maggot (agn) av skulen og lærarar. Me starta rundt kl 13, og det var allereie bora ca 40-50 hol i isen. Det blei snakka store ord om mange fisk i vatnet og me var ca 30 håpefulle som gjekk utpå den tjukke isen. Denne dagen var det blitt veldig mildt etter ein kald periode, noko som skulle gi utslag for fiskelukka.

Reglane var at me skulle fiske i to timar, og det var den totale vekta av mort og abbor som gjaldt. Det finst også gjedde i vatnet, men det kunne ikkje bli brukt i konkurransen. Alle fekk fiske der dei ville, og kunne bore nye hol om dei ville det.

2015-01-07 13.53.24

Eg satt meg ned ved eit hol midt mellom dei litt meir erfarne fiskarane Emil og Kim Andrè. Emil fekk 3-4 fisk i holet sitt, men eg og Kim Andrè sleit litt meir med fiskelukka. Eg prøvde å koble til GoPro kamera til mobilen for så å senke det ned på 5-6 meters djup slik at ein kunne sjå om det var fisk der, men denne metoden var ikkje nokon nøkkel til suksess. I løpet av 2 timar med fiske var det ingen fisk å få for min del. Av dei ca 30 deltakarane, var det 11 stk som fekk fisk.

Iløpet av tida ved vatnet hadde det blitt laga til eit bål der ein gjeng hadde satt seg for å grille alternativ mat ettersom dei ikkje hadde fått fisk. Vinnaren var Andreas Frøsland med over 1 kg i totalvekt.

p1010412_medium
Foto: Marius Hassve

På kvelden var det “Afterfish” på Biotopen der det var fiskequiz og premieutdeling. Dagen etterpå såg me på sammenhenger mellom dei som hadde fått fisk og alderen deira. Det viste seg å vere ein signifikant sammenheng mellom økt alder ga meir fisk (her har nok erfaringen ein del å sei).

Dette var ein morosam måte å samle inn data på, for så å bruke det i undervisninga. Ettersom det er mogeleg å låne pilkeutstyr på skulen reknar eg med at det blir meir isfisking iløpet av vinteren

2015-01-07 13.21.12

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s