Studentbustad på Evenstad

 

2014-12-15 21.14.53
Oversiktskart over Campus Evenstad

Når eg jobba på utdanningsmessa i Oslo førre veke, fekk eg mange spørsmål angåande studentbustad på Evenstad, så difor har eg tenkt å skrive eit lite innlegg om nettopp dette. Akkurat no er det ei intens eksamensveke, så eg skal prøve å skrive kort og konsist.

Når du har søkt deg til Evenstad kan du søke om studentbustad, skulen prioritera nye studentar, så du er nesten garantert bustad om du er tidleg ute. Her er det litt forskjellig å velje mellom.

Veslestu (6 på oversiktskartet)

Her bur eg. Det er eit lite bygg med 8 hyblar, 4 bad, 2 kjøkken. Det er heilt kurrant. Bygget vil vere det einaste som ligg side ved side med Glomma og 30 meter frå Biotopen (studentpuben) og treningsrommet.

2015-01-20 11.12.17
Veslestu

Annestu (5)

Dette er det eldste bygget og skal rivast når dei nye bustadane står klare til innflytting (til sommaren). Her er det 32 hyblar, der bebuarane vil flytte inn i den nye blokka. 4 bebuarar pr kjøkken. I bygget finst det basstova som er enkel å bruke, denne vil forhåpentlegvis bli ståande, etter rivinga av Annestu.

2015-01-20 11.33.18
Annestu. Ser du hunden?

Nystu sør/blokka (9)

Denne er den største av alle bustadane, og var fyrst meint som midlertidig bygg. Men bygget står der endå, og nøgde studentar bur der også. Dette er det billigaste alternative på skulen, og i år kostar det rundt 2100-2500kr per månad (kan hende eg tek feil her, men det er ikkje langt frå den summen).

2015-01-20 11.23.12
Nystu sør

Nystu aust/nord (8/7)

Desse har litt større rom enn Nystu sør. Alle Nystu-bygningane vil ligge side om side med den nye studentbustaden. Bebuarane har felles stove og kjøkken, litt usikker på fordelinga,

2015-01-20 11.23.06
Nystu aust/nord

Nye bustaden (mellom 8 og 18)

Eg veit endå ikkje kva denne bygningen vil heite, men det vil nok innehalde –stu vil eg rekna med. Denne bygningen vil vere den største med 130 bustader, og skal også innehalde ein oppbevaringsbod til kvar og ein av bebuarane. Per dags dato har dei satt opp litt over halve bygningen, og dei har fått starta på interiøret (det har komme lys på nokre av romma). Heile bygningen er som eit byggesett, og det tek ikkje lang tid å få satt saman resten av bygningen. Det er i alle fall full trafikk på byggeplassen for tida.

Kan også nemne at det er lov å ha hund i alle bustadane.

2015-01-07 11.47.59
Slik såg det ut 7.januar
2015-01-20 11.15.40
Slik ser det ut no

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s