Kvifor valte eg Evenstad som studieplass?

For ganske nøyaktig eitt år sia satt eg på eit kontor i Afrika og hadde lite peiling på kva og kvar eg skulle studere. Året før hadde eg søkt på bachelor i skog på Evenstad, men var litt usikker om det var det eg skulle gå for. Eg gjorde mykje research angåande arbeidsmarknaden og fann ut at ein skogutdanning var attraktivt i næringslivet. Eg snakka ein del med far min også, men han syntes

utmarksforvaltning verka meir spennande. Eg leste meg opp på begge studieretningane som var på Evenstad.

Utmarksforvaltning har dei på Ås og Steinkjer, men for å komme inn på Ås må ein ha realkompetanse, noko eg ikkje har ettersom eg tok eitt år i USA i 05/06. Derfor var det berre HiHm som var aktuelt for meg ettersom austlandet og Hedmark lokka mykje meir enn Steinkjer.

Eg leste ein del på HiHm sin blogg, der ein av utmark-studentane blogga med jamne mellomrom. Eg sendte også nokre spørsmål over e-post til bloggaren angåande fritidsaktiviteter på Evenstad (fotball). Eg prøvde å samle så mykje informasjon om utmarksforvaltningsutdanninga som mogeleg, men det var ikkje så mykje å finne, ettersom det er eit litt uvanleg studie.

Til slutt enda eg på å søke utmarksforvaltning. Far min hadde ein såpass stor innflytelse på søknaden min. Men eg hadde skog-utdanninga som 2. valg i tilfelle eg ikkje skulle skulle komme inn på utmarksforvaltninga. Ettersom eg var ganske sikker på at eg kom inn på enten skog eller utmark så søkte eg om studenthybel 15. april og fekk difor hybel på Veslestu, som eg ønska meg.

Når eg starta på Evenstad i utmark-klassen såg eg at utmark og skog følg kvarandre svært tett det første året, så det er eigentleg ikkje noko fagleg skilje mellom dei forskjellige 1.klassingane bortsett frå eitt fag i siste blokk. Undervegs i utdanninga mi har eg ikkje angra eitt sekund, og eg synes både «utmark-faga» som vegetasjon og klima, og «skog-faga» som praktisk skog er svært spanande. Difor skal eg prøve å ta ein bachelorgrad i både skog og utmark. Dette vil bli svært intenst og eg er usikker på om det vil gå an med tanke på eksamensdatoar og innleveringar (datoar kan kollidere).

Denne veka er eg på universitetsturne der eg reiser rundt med andre studentar frå andre høgskular/universitet for å promotere skulane våre til vidaregåande skule elevar i Oppland og Hedmark. Utruleg moro og eg har berre positive ord å komme med når eg fortel om Evenstad og skog/utmark studiane.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s