Utdanningsmesse i Trondheim

Den siste tida har eg vore rundt om på austlandet for å rekruttera nye HiHm studentar. I midten av januar var eg i Oslo, førre veke var eg rundt om i Oppland og Hedmark, og dei to siste dagane i Trondheim.

2015-02-10 08.40.58

I Trondheim sto eg på «Grønn utdanning»-stand i Spektrum, der eg informerte om dei grønne utdanningstilboda me har (landbruk, agronomi, utmarksforvaltning og skog). Eg sto saman med andre studentar frå grøn utdanningssektoren, som husdyrsstudent frå Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT), og tidlegare Ås-student, samt representantar frå Tine, Nortura og andre bedrifter. Så me dreiv eit samarbeid der me sendte elvane rundt til kvarandre, og fortalte om dei forskjellige universiteta/høgskulane. 2015-02-10 12.46.53

Å stå på stand inneheld å ta kontakt med beskjedne elevar frå vidaregåande skular eller vaksne folk som tenker seg ei ny utdanning. Det er sjølvsagt ikkje alle som kunne tenkt seg grøn utdanning, men det er også mange som ikkje veit kva «grøn utdanning» er, og kanskje dei aldri har tenkt over at det er ein mogelegheit. Difor er det viktig at me informerar dei om tilboda dei har (som om dei ikkje har nok frå før) og kva det innebære å ta ein grøn utdanning. Det å ta kontakt med folk er viktig og samtidig vere smilande og glad, noko som ikkje er vanskeleg når ein jobbar med trivlege folk. Eg syntes det var svært moro å stå der saman med andre utadvendte studentar. Det å ta kontakt med elevar vart enkelt når ein hadde det moro. 2015-02-10 10.05.19

I tillegg til å informere om utdanninga, så hadde me også demonstrasjon av korleis ein lagar solsikkeolje, som dro mykje merksemd, samt ein Instagram konkurranse. Eg må sei eg har blitt ein tilhengjar av Instragram når eg har vore på rekrutteringsjobb, og sjølvsagt måtte eg ta nokre bileter med våre framtidige medstudentar. For å kunne vinne eit nettbrett måtte ein ta på seg ein FK kjeledress og legge det ut på Instagram med #Ilovegrønt.

Sjølv om det blei mykje jobbing og me ikkje fekk sett så mykje av byen, så hadde me alle det svært gøy. Og det å gå rundt for å sjå på dei forskjellige bodane for dei andre høgskulane var spanande. Ein kjem fort i kontakt med andre studentar og ein kan utveksle erfaringar og opplevingar som ein har til felles. På Øytun Folkehøgskule (Alta)-standen møtte eg på ein gammal fotballspelar eg trente for ca 5-6 år sidan. I tillegg møtte eg på mange elevar frå Otta og Tynset som eg besøkte på universitetsturnèen førre veke.

2015-02-10 10.15.37

Men no ventar kvardagen som student igjen, og eg må ta igjen det tapte. Eg anbefalar alle å ta del av rekrutteringsarbeidet om ein er glad i å snakke med mange nye folk. Eg håpar og trur eg har rekruttert ein del studentar til HiHm og satsar på å få vere med neste år også.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s