Det sosiale på Evenstad

Når ein søkjer opp Evenstad på Google, så er det ikkje stort som kjem opp. På Wikipedia finn ein ut at det er ei lita bygd 20 km sør for kommunesenteret Koppang. På den eine sida av Glomma går riksveg 3, og på den andre sida er campus. Men tross i at skulen ligg avsides så betyr ikkje det at trivselen går ned, tvert imot. Me på Evenstad trivs svært godt, og grunnen til det er kanskje at me har såpass mykje til felles at me rett og slett passar veldig godt ihop. Det skjønar dei nye studentane fort, då dei fort finn kjemien med klassekameratane.

Tidlegare skreiv eg eit innlegg om aktivitetstilbodet på Evenstad, og no som det er vinter er det endå meir å finne på her i utmarka. Eg håpar at framtidige studentar (kanskje deg?) held fram med å bruke desse “fasilitetane” som er tilgjengelege.

Mange lurar på kva me driv med på ettermiddagen, det vil sei fritida vår, og det skal eg skrive litt meir om:

Bålplass: Oppe i Evenstadlia, ca 15-20 minutt gange frå campus, “midt” i skogen, har det blitt rigga til ein bålplass. Førre veke hadde me skidag ved bålplassen der me arrangerte hopp og landingskonkurranse. Ein kan alltids ta med ein gjeng å sette seg ved bålplassen. Ved er alltid tilgjengeleg

bål
Foto: Karen Margrethe, utmark-student

.

Skiløyper: På Evenstad er det mange bøar og det er relativt flatt i dalen, så då er det fullt mogeleg å gå på bortoverski. Etter at snøen har fallt blir det køyrt opp skispor som me kan gå i. Her går løyper både i korte sirklar og lengre strekningar.

ski
Foto: Karen Margrethe, utmark-student

Isfiske: På Evenstad har me disponibelt borr og pilkestenger. Her kan me berre låne oss utstyr gratis for å fange middagen på den billige måten. Perfekt for studentar med lite råd.

Fotball: På Koppang har dei eit fotballag (Koppang FK) som gjerne tek imot studentar. Eg og ein til, trenar med KFK to gonger i veka. Me har fotball-trening på Evenstad også, men på Koppang er det litt meir seriøst og speling i/på større idrettshall/bane. Å delta på aktivitetar utafor Evenstad er ein god måte å få kontakt med lokalbefolkninga, ettersom campus fort blir for berre studentar som kjem frå andre plassar enn nærområdet.

Sangkor: På Koppang har dei også sangkor, noko Evenstadstudentar nyttar seg av. Dei har øving eit par gonger i veka, og gir medlemsrabatt for studentar. Dei første seks månadane er gratis, slik at ein får prøve seg før ein blir medlem.

 Jobb-og-fritid-CB4013925_full

Så det er nok av ting å gjere på fritida. I helgene reiser mange på jakt, og om ein ikkje er nokon av desse, så har me iallefall mogelegheita til å drive med anna enn ekstra-lesing og førebu seg til skule-prosjekt.


Video produksjon: Men OM ein skulle ha for mykje fritid, og VIL jobbe med skuleprosjekt, så er me kreative på Evenstad. I økologi & mangfald måtte alle i klassen lage ein 5 minutters lang YouTube video om ein art som er på den norske svartelista. Denne videoen er ein av dei! Spol fram til 3:27, så startar det morosame.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s