Kva kan ein bli etter bachelor i utmarksforvaltning?

Mange lurar på kva eg kan bli etter å ha studert utmarksforvaltning. Ettersom det er berre nokre få høgskular/universitet som tilbyr denne utdanninga, så er det veldig få folk kjenner til utdanninga. For nokre veker sia var på ein bar i Elverum med nokre vener, og utover kvelden kom eg i prat med ein del folk, spesielt av det motsette kjønn. Men etter å ha forklart kva utmarksforvaltning er for noko for n’te gong, og kor Evenstad var, så sa kompisane mine: «Ruben, bare si at du er lærerstudent eller noe».

Dette var ikkje noko nytt fenomen, og sia eg bestemte meg for utmarksforvaltning har eg prøvd å forklare utallige folk kva eg kan bli etter tre år på Evenstad. Og no skal eg gjere det igjen, for deg. Eg vil også nemne at ein kan ta mastergrad på Evenstad eller Ås om ein ynskjer å ta fleire år med utdanning etter ein treårig bachelorgrad.

Nokre av emnene me har på Evenstad (bachelor i utmarksforvaltning) er

  • Geologi og landformer
  • Økologi og mangfold
  • Fugler og virvelløse dyr
  • Fiskeforvaltning
  • Viltøkologi
  • Naturoppsyn
  • Naturveiledning
  • skogfag

…og dette er berre nokre få emner. Så ein kan trygt sei at med bachelor i utmarksforvaltning så blir ein svært fleksibel i jobbmarknaden.

IMG-20120721-00953
Om du likar å opphalde det ute i naturen, slik som denne hunden, så passar utmarksforvaltning for deg

Det finst svært mange forskjellige jobbar som passar etter endt utdanning. Nokre som kan nemnast er:

  • Arealplanlegger
  • Oppsynsmann
  • Naturforvalter
  • Utmarksforvalter
  • Guide
  • Rådgiver for naturrestaurering
  • Landbruksplanlegging
  • Viltforvalter
  • Utmarkskonsulent
Tur i skogen
På hausten og våren er me mykje ute i utmarka

Her er det mogeleg å jobbe både i offentleg og privat sektor. Rapportar visar at ca. 50%  av studentane som går ut frå Evenstad, endar opp med jobb i offentleg sektor. Det mest vanlege er når ein blir vaksen og skal stifte familie så vendar ein tilbake til heimlege trakter, og då blir som oftast den offentlege sektoren (for eksempel kommunen) neste arbeidsgivar.

Om ein velg å ta skogemner i tillegg til utmarks-emna, så kan ein fort få jobb innan skogindustrien. Seinast i går kveld var folk frå skog-industrien (Glommen, Viken, Mjøsen, fylkesskogmesteren i Hedmark).

Campus Evenstad

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s