Ei uforgløymeleg tid på Evenstad

Finn Olav gjekk utmarksforvaltning og påbygg skog mellom 1999-2002 på Evenstad, ei tid han beskriv som uforgløymeleg, og som han alltid vil hugse som svært positivt.

Før Finn Olav starta på Evenstad, så hadde han jobba litt innanfor skogbruk i heimlege trakter på forskjellige garder, elles hadde han ei interesse for natur, jakt, fiske, og det var dette som fekk han til å søke Evenstad. Han kjente også tidlegare Evenstad studentar som hadde snakka varmt om studiet.

Når han starta utmarksforvaltningsstudiet på Høgskolen i Hedmark, så var oppsettet litt annleis enn det er i dag. Då var det fyrst eit år på Rena, før dei to siste åra var på Evenstad. Etter bacheloren tok Finn Olav eit skogs-år på Evenstad (det same som årsstudium skog).

Det Finn Olav hugsa best med tida frå Evenstad var studentmiljøet. Fritida blei mykje brukt i nærområdet, og skulens nærleik til skog/fiske var perfekt for sørlendingen.

Sommaren 2001 jobba han som naturforvalter ved Komagelva heilt nord i Finnmark, og det ga veldig god erfaring, så det tilrår han alle som har mogelegheita til det.

I februar 2002 fekk han jobb etter å ha sendt sin første jobbsøknad. Allereie i februar 2002, fleire månadar før han var ferdig med utdanninga med påbygg skog, hadde han fått seg jobb. Han starta som prosjektarbeider innan driftsplanlegging i utmark for Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Etter to år jobba han med målretta hjorteforvaltning fram til 2009. I mellomtida fekk han meir ansvar for utmarksavdelinga, og bl.a. jobba innanfor felling av rovdyr, driftsplanlegging, bestandsplanlegging etc. Og i 2008 fekk han jobb i Statens Naturoppsyn som rovviltkontakt over Sunnfjord. Mellom 2009-2011 jobba Finn Olav med naturforvaltning, før han blei landbrukssjef i 2011 til 2014. I november i fjor gjekk han tilbake til Sogn og Fjordane Skogeigarlag for å jobbe som utmarksansvarleg i Sogn og Fjordane.

logo

I hans tilfelle, så var det ikkje vanskeleg å få seg jobb etter studiane. Men dette kom overraskande på han, ettersom han hadde høyrt det skulle være vanskeleg å få seg jobb etter utmark-utdanninga. Det var jo heller ikkje alle i klassen hans som fekk relevant jobb, men om ein kan flytte på seg, så var det jobbmoglegheiter, sjølv for ein utmark-student.

Avsluttningsvis spør eg om han har nokre tips til studentar på Evenstad som er snart er ferdigutdanna:

«Det er vanskeleg å gi nokre spesifikke tips til noverande studentar som snart skal ut i arbeidslivet. Men når eg tenkar attende på korleis eg var som student, så var ikkje eg den flinkaste studenten ettersom eg hadde meir fokus på fritida. Men eg passa på å få greie resultat på dei forskjellige emna. Eg fekk svært mykje igjen for nettverket eg danna meg, og det blei veldig verdifullt. Eg har lært svært mykje etter at eg kom ut i jobb, og på skulen var det å finne informasjon den viktigaste læringa. Fakta endrar seg heile tida, og det eg lærte i 2002 stemmer ikkje overeins med i dag, så det å halde seg oppdatert er svært viktig. Til tider er eg svært missuneleg på Evenstad studentar. Eg hadde ei heilt uforgløymeleg tid der!»

Evenstad brua
Evenstad brua

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s