Agronomi på Blæstad

Kva er agronomi? Mange har spurt meg om det. Ein bachelor i agronomi er eit allsidig jordbruksstudium der ein lærar om jord- og plantekultur, husdyrhald, næringsutvikling og økonomi, feltmekanisering og husdyrmiljø og innendørsmekanisering (hihm.no).

Blæstad, som er det minste campuset til Høgskolen i Hedmark ligger ca. 8 km frå Hamar by, og tidlegare i veka fekk eg ein intervju med ein kamerat av meg som blei Blæstad student i fjor haust.

Bjørn Thele Landa er frå Flekkefjord i Vest-Agder og studera no bachelor i agronomi. Eg personleg kjenner Bjørn frå tidlegare og blei overraska då eg såg han på Blæstad i fjor haust, og han var nok like overraska over å sjå meg.

Når eg spør han kvifor han valte agronomi som studieretning, så svarar han at han alltid har hatt ei interesse for geologi og naturfag i fleire år. Det å sjå heilheita og kunne bruke det for å løyse diverse problemstillingar er det som motivera han.

Det er mykje som er nytt for Bjørn innan undervisninga, og han synes det er svært interessant å sjå heilheita og den raude tråa gjennom dei forskjellige faga.

På Blæstad har Bjørn blitt svært positivt overraska over det høge kompetansenivået til lærarane og foredragshaldarane. Dette har gitt han ein mykje djupare innsikt enn forventa, og det etter berre eit halv år som Blæstad student.

Bjørn seier at det beste med å vere student på Blæstad er den enkle dynamikken mellom lærarar og studentar, mykje likt det eg opplev på Evenstad. Det å få tett oppfølging og dei uhøgtidlige forelesingane, noko som gjer at ein lærar ting betre.

Agronomi passar for dei som er interesserte, som alt anna, og studentane varierer mellom odelsborn til naturfagentusiastar. Sjølv om folk kjem frå forskjellig bakgrunn er det svært godt studentmiljø. Det er få elevar, men svært god dynamikk, og skjer mykje på campus og venegjengar går på kryss og tvers av årstrinn/linjer.

For Bjørn vil åkrar og gardar aldri vere det same igjen, og respekten for forskjellige bønder har aldri vore høgare enn no.

Bilde-Blaestad

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s