Tips til framtidige Evenstad studentar

Søknadsfristen for høgare utdanning gjekk ut for om lag tre veker sia, og det er rapportert rekordhøge søkartal på bl.a. bachelor i skogbruk. Ettersom det er ein del av søkarane som les på denne bloggen, så har eg lyst å poste eit innlegg der eg gir nokre tips om kva som er viktig å førebu seg til før ein startar i august.

I løpet av sommaren vil du få enkel informasjon frå skulen, i tillegg til ein innbyding til å bli med på fadderveka. Dette er noko eg oppfordrar deg/dykk til å bli med på. Eg er ein av fleire som har meldt seg som fadder for dei nye studentane, og me er no i planleggingsfasen på kva som skal skje på Evenstad, men eg kan garantere høg trivselsfaktor og venebygging når dykk kjem i midten av august.

5 tips til deg som framtidig student på Evenstad:

1. Det første tipset eg vil komme med er å finne ein plass å bu. Studentsamskipnaden i Hedmark leiger ut studenthyblar, men til dei som har lyst å bu privat, så finst det mange hus/hytter som er til leige i nærområde. For å få ei liste over utleigarar kan ein kontakte skulen, eller få råd frå meg (rubenbotun@outlook.com). Det siste eg høyrte ang. studenthyblane var at det har komme omlag 50 søknadar om studenthybel, av 117 tilgjengelige

.2015-05-04 13.07.20

2. Det andre tipset er til dei som kjem langvegs ifrå. Eg kom sjølv med toget måndag 11.august i fjor, etter å ha reist kollektivt frå Sogn. Det gjekk greitt, men prøv å ta med det mest nødvendige. Eg er usikker på kva hyblane vil ha av utstyr, og dyne/pute er eksempel på ting ein kanskje må ha med seg. Utekle er viktig, ettersom alle studentane er mykje utandørs i starten av skuleåret. Seinare på hausten (september) har me nokre dagar jaktfri som gir studentar mogelegheita til å reise heim å jakte (og hente meir bagasje).

3. Finn ut kva som er tilgjengeleg på campus. På Evenstad har me meir enn mange er klar over. Utstyr som musikkinstrument (trommer, gitarar, piano etc.) kan lånast nesten når som helst, kajakk/kano/sykkel og andre aktivitetsutstyr kan leigast også (alt er naturlegvis heilt gratis å leige). Å tileigne seg all informasjon om kva me har å tilby er viktig i starten av skuleåret, og her kjem fadderen din inn.

2015-05-03 15.00.28

4. Engasjer deg! Det er mykje enklare å bli kjent med fleir folk om du engasjerer deg i studieaktivitet gjennom skulen. Det kan vere som å sitte i eit studentstyre, inkludere deg i samfunnet (dei som jobbar for trivselen til studentane) eller, som meg, sitte som delegat i parlamentet. Gjennom parlamentsmøta (tre møter pr. semester) har eg blitt kjent med andre studentar frå alle dei fire andre campusane på HiHm. Å opprette eit godt nettverk kan vere ein svært god investering for studiane.

2015-05-05 19.15.26

5. Få eit godt forhold med forelesarar/lærarar. Evenstad er ein liten plass, og når ein skal ut i arbeidslivet så kan det fort hende at ein av forelesarane eller lærarane dine vil bli kontakta av framtidig arbeidsgjevar. Difor er det viktig å få eit godt og sunt forhold til forelesaren, og korleis ein vil gjere dette må ein bestemme sjølv.

Det var  fem korte, men viktige tips til dei studentane som har søkt seg til Evenstad i haust. Eg gler meg til at dykk kjem, og me står klare til å ta imot dykk! Både master, bachelor og årsstudium studentar! Om det er meir du/dykk lurar på, så ikkje nøl med å ta kontakt.

Mvh
Ruben Bøtun

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s