Å ta emne på Rena eller andre høgskular

På Evenstad er det fleire studentar som har tatt emne (fag) på Rena. På Rena har dei mange økonomi- og leiingsemnar som kan vere svært aktuelt for skog- og utmarkstudentar som skal ut i arbeidslivet. Eit eksempel på emne ein kan ta er prosjektleiing som er på 10 studiepoeng. Ei venninne av meg som går 2.året utmark hadde i går eksamen i det emne, og ho anbefala det på det varmaste. Kva emne ein vil ta er heilt opp til deg sjølv og om det er retta mot ein spesifikk jobb ein har lyst på, så anbefalast det varmt. Eit godt råd kan vere å ta kontakt med dei som sitt med drøymejobben, og spørje kva emne som kan vere fordelaktig å ha på vitnemålet. Ikkje berre får du ein godt og relevant vitnemål, men du dannar også kontaktar i næringslivet.

2015-05-06 13.14.31
Her frå emnet fuglar og virvellause dyr. Kim kikrar ette fugl

Før eg starta på Evenstad tok eg kontakt med skognæringa i heimområde for å spørje om jobbsituasjonen, forslag til bacheloroppgåve tema, og i tillegg fortelje litt om utdanningsplanen min. Då blei eg anbefalt å ta økonomi og logistikk, i tillegg til skogfaga på Evenstad.  Dette har eg tenkt på, og på fredag skal eg ha eksamen i «prinsipper for bedre innkjøp» på Høgskulen i Molde. Innkjøps-emnet er nettbasert og kjem under kategorien logistikk, som kan vere til hjelp når eg skal ut å søke arbeid.

Tilbake til Rena. Her har dei då både mange emnar å velje mellom, og campus ligg berre 40km frå Evenstad. Om ein ikkje har bil, så går det tog frå Evenstad til Rena dagleg, og eit par gonger om dagen går det også buss. Campus Rena ligg 3 minutts gange frå tog stasjonen. Om du vil lese meir om Rena kan du klikke deg inn på blogginnlegga til Asbjørn (musikkproduksjonsstudent), Mona (serviceleiing og markedsføring) og Elin (studiar ved sida av jobb).

2015-05-08 14.10.01
Hovudbygget på Evenstad. Det er store planar om å byggje det ut neste år 🙂

Om det er fleire som tek same emne, så kan det passe med felles køyring om det er samlingar eller forelesingar før sjølve eksamen. Det er også kurant for oss Evenstad studentar som har eksamen i april og juni, medan dei har eksamen i mai på Rena. Slik sett får ein ikkje alt på ein gong, og kan fokusere på få emnar.

Etter førre vekes blogginnlegg har eg byrja å få mail frå kommande Evenstad studentar og det er kjekt å sjå at dei ser fram til å starte på utdanninga her i Hedmark.

Eg ynskjer dykk ein god 17.mai feiring. Du les frå meg neste veke.

2015-05-06 13.14.58

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s