Kombinere jobb med studiar på Evenstad

Med dagens utgiftar for studentar i Noreg er det heilt naturleg at fulltidsstudentar arbeider på sida av utdanninga. Det kan vere ein utfordring for studentar som er i utkantstrøka (som til dømes Evenstad) å finne passande arbeid, men det er mogeleg. Å kombinere jobb med studiane på Evenstad er det eg skal skrive om i dagens innlegg.

2015-02-10 08.40.58
Utdanningsmesse i Trondheim.

Når eg var student i Molde, frå 2008 til 2011 jobba eg som bartender i nattklubb og fotballpub, dette var ein fleksibel jobb der eg (etter kvart) kunne bestemme sjølv når eg skulle jobbe. Perfekt for ein student.

No har det seg slik at det er lite med fotballpubar og nattklubbar i Stor-Elvdal kommune, så for å tene litt lommepenger måtte eg leite etter eit nytt «fagfelt». Når eg starta på Evenstad såg eg jobbannonsen som låg på HiHm sine nettsider om blogging, og etter å ha sendt søknad og snakka litt med den kommande sjefen min, fekk eg jobb som bloggar. Dette utvikla seg til å jobbe litt i markedsteamet og stå på utdanningsmesser saman med andre HiHm studentar. I år har eg blogga stort sett kvar tysdag, stått på utdanningsmesser og representert Høgskulen i Hedmark på universitetsturnè i Oppland og Hedmark. Dette har vore utruleg kjekt og eg håpar eg får fortsette med det same arbeidet neste år. Ikkje berre er det fint med litt inntekt ved sia av studielånet, men ein møter utruleg mange kjekke folk frå både andre campusar og høgskular. Samtidig får ein fortalt både kjente og ukjente om korleis me har det i Hedmark, og kva studier høgskulen tilbyr. HiHm er faktisk den 5. største høgskulen i landet, med sine 8000 studentar.

2015-02-06 15.45.55
Frå utdanningsmessa i vinter

2015-02-06 15.46.09

Men utanom å arbeide for skulen, gjennom blogging og markedsføring så er det få arbeidsmogelegheiter rundt Evenstad. Eg veit at det er ein Evenstad student som jobbar på Shell ca. 10 km. frå campus, og det er nokre som jobbar på gamleheimen på Koppang. Elles finst det nokre jobbmogelegheiter på Rena.

Om du har tenkt å jobbe ved sida av studiane på Evenstad, så anbefalar eg deg å leite i god tid. Det vil også henge jobbannonsar på campus, der dei fleste jobbane er innafor utdanning- og helsesektoren. Så om det sit ein liten lærar i deg, så er det fullt mogeleg.

2015-05-13 09.48.20
Frå førre veke når me var på leit etter virvellause dyr i eit tjern på Evenstad

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s