Vår på Evenstad, og markedsføring i Buskerud

Etter den siste snøsmeltinga 1.mai (som kom same dagen) har snøen haldt seg borte og sola har steika. Det har vore ein fin mai månad, og når vaktmeistaren klyppar plenen kjem vårkjensla inn for fullt. I siste undervisningsblokka er utmark studentane mykje ute i naturen på kikk etter fuglar og virvellause dyr, medan skog studentane er ute for å sjå på skogskjøtsel.  Dermed er det godt med godt vårvær.

Til samanlikning med vinteren så er det meir uteaktivtetar no når snøen er borte. Volleyballnettet blei satt opp på plenen, det er både hundetrening og fotballtrening på kveldane, og mange tek i bruk kajakk/kanoar som me har tilgjengeleg. Tronkeberget har også blitt eit populært turmål for mange Evenstad-studentar.

hest

Førre veke var eg og Mari (1. året på BA skogbruk) i Buskerud for å promotere Evenstad og HiHm. Campus Evenstad fekk invitasjon frå Skogselskapet Buskerud til å delta på 59 grader Topptur, der målet med dagen var å skape blest om studieretning Naturbruk. Om lag 60 vgs. elevar frå naturbruk-skular i Buskerud deltok på dei ni ulike postane. Posten til Evenstad (meg og Mari) var artsbestemmelse av fem utstoppa fuglar me hadde plassert i skogen, og artsbestemme fem ulike treskiver. Bjørn var representant frå Blæstad og sto på eigen post med quiz. NRK P1 var ein av mediene som dekka aktivitetsdagen, og du kan høyre reportasjen her.

2015-05-21 13.30.54
Klarar du å sjå 4 fuglar på bilete?

Etter aktivitetsdagen åt me heilgrilla gris ved Knuthytta saman med elevane, men ettersom me hadde 3,5 time med køyring tilbake til Evenstad rakk me ikkje premieutdelinga. Me hadde ein flott og kjekk dag i Buskerud og håpar å komme tilbake neste år. Og kanskje kjem nokon av elevane til Evenstad om nokre år?

fuglar
Frå venstre: Kvinand, Hettemåke, Orrfugl, Tårnfalk
2015-05-21 11.52.56
Gran, furu, bjørk, lerk og osp.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s