Eitt år på Evenstad

Neste veke er det eksamen og vår siste veke på Evenstad for året, difor blir dette det siste innlegget mitt før eg tek ferie. Tida har gått utruleg fort og eg har lært utruleg mykje gjennom det første året på bachelor i utmarksforvaltning. Eg har blitt godt kjent med klassen og medstudentar som tek andre studieretningar. Torsdag 11. juni kl 12.00 ventar to månadar med sommarferie, og eg kjenner allereie no at eg gler meg til fadderveka i august.

2015-06-01 10.09.55
Ikkje mykje som minner om sommar. Dette er frå gårsdagens geologi tur. Jutulhogget.

Gjennom året har me lært alt frå grunnleggjande om skog til offentleg forvaltning og geologi. Det er stor variasjon i faga, og eg synes samtlege forelesarar er svært engasjerte og interesserte i faga dei underviser i.

2015-06-01 15.51.29
Geologi læraren tok oss med ut for å grave i sanden.

 

2015-06-01 13.49.49
Frå eit naturfenomen som går heilt tilbake til istida.

Dei to siste faga me har i 1.året på utmark er geologi & landformer og fuglar og virvellause dyr. Læringskurva har vore bratt, men det har alltid gått veldig bra til slutt (bank i bordet). Dei to siste dagane har me vore på klassetur for å sjå på ulike bergartar og landformar i «nærområde». Tilsaman blei det omtrent 800km i buss, men det var absolutt verdt det.

2015-06-02 14.26.53
Her tek eg på raud og verdifull stein (for forskning).

Kva sitt ein att med etter eitt år på Evenstad? Eg har alltid vore mykje i naturen og trivst både på fjell og i skog, men eg har aldri før lagt merke til vegetasjon og landformer som no. Alt heng meir eller mindre saman, frå fjell, til vegetasjon og landemerker. Med den kunnskapen eg sitt att med blir det ein heilt ny oppleving å gå i naturen. Eg ser fram til den dagen eg har tre år med utdanning frå Evenstad, då kjem eg til å kunne ALT!

2015-06-02 15.48.44
Mammutmuseet
2015-06-02 15.48.53
Mammutmuseet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s