Sommarferie

I dag hadde eg min siste (geologi) av tre eksamenar denne veka, og eg kan ta ein velfortent sommarferie. Sola strålar og det er definitivt sommarstemning på Evenstad.

I morgon set eg meg i bilen for å køyre dei 404 km heim til Fresvik. I starten av juli ventar ein sommarjobb som eg gler meg svært mykje til. Tidlegare i vår fekk eg tilbod om å jobbe som fiskeoppsyn, og ettersom eg besto eksamen i naturoppsyn i januar er eg kvalifisert til å jobbe som «fiskepoliti».  Jobben innebere å sjå etter ulovlege garn i fjordar, og fiskarar som fiskar utan gyldig fiskekort. Det vil sei at eg kjem til å arbeide mykje ute i naturen, noko alle utmark studentar drøymer om.

2015-06-05 07.56.00
Litt pause i eksamenslesinga. Avkopling med fotballkamp for Koppang

Å jobbe som fiskeoppsyn er perfekt for mi utdanning, og eg ser på jobben som svært bra for å få ein fot innafor utmarksnæringa. Eg skal jobbe for Sogn og Fjordane Skogeigarlag (SFS), som har ansvar for både utmark og skog i heimfylket mitt. Planen er å ta viltøkologi og viltforvaltning neste år, og då kan eg få sommarjobb/deltidsjobb innanfor vilforvaltninga også. Utmarkssjefen i SFS er faktisk ein tidlegare Evenstad student, og eg har ein mistanke om at akkurat det hadde ein del å sei for at eg fekk jobben.

I tillegg til å jobbe som fiskeoppsyn skal eg også jobbe på eit turistkontor i Nærøyfjorden. Denne jobben som er retta mot turisme tok eg ettersom eg får litt fritid mellom dei dagane eg er på leit etter tjuvfiskarar. Begge jobbane er meir eller mindre retta mot utdanninga som utmarksforvalter og eg er svært nøgd med å få såpass relevante jobbar.

2015-06-08 21.47.29
I eksamenstida blir ein svært effektiv. Bl.a. måtte eg plutseleg bake brød

Eg håpar eg får brukt det nye nettverket eg skaffar meg gjennom sommaren, og kanskje blir det ein fulltidsjobb etter utdanninga?  Eg ynskjer uansett å halde kontakten med SFS, og kanskje dei kan bidra med forslag til problemstillingar når eg skal skrive bacheloroppgåve.

Eg har to år igjen på Evenstad, men tida har gått ekstremt fort. Etter planen skal eg ta litt meir skogretta fag i starten av hausten, og deretter ta viltøkologi før jul. Eg trur det blir både spennande og kjekt når eg tek såpass forskjellige fag. Planen er å fortsette med blogginga og jobbe for PR teamet ettersom eg har hatt det svært moro i løpet av arbeidstida i år.

Eg ynskjer alle der ute god sommar, og kanskje ser eg nokre av dykk til hausten.

2015-06-08 22.12.02
Eksamenstida. Eg prøvde tilogmed å lære meg russisk, gjennom ein mobilapp

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s