Fyrste veka av 2015/2015

Årets fyrste skuledag var tysdag 18/8-2015. Dei nye studentane (som er svært mange!) hadde informasjonsmøte, og seinare på dagen var det omvisning av oss fadderar, før grilling og sosialisering ved lavvoane (og seinare på Biotopen). Grillmaten var som vanleg sponsa av Johnny, kantinekokken vår.

Onsdag sto Funballz på programmet. Så på ettermiddagen møttes både gamle og nye studentar på fotballbana for å spele ein uoffisiell fotballturnering ikledd store luftballar. Fantastisk moro, men det blei varmt i sommarsola.

2015-08-19 18.25.18 (1)
Fadder-Ole passar på at reglane blir følgt

Torsdag var det rebusløp. Me hadde laga 6-7 postar på campus der faddergruppene måtte gå gjennom. Nokre av postane var dansing (der var eg dommar), kleslenke, ballongsprekking, luftgeverskyting og «flaskepost». Herleg moro, og god stemning blant både fadderborn og fadderar. På kvelden var det quiz og premieutdeling til vinnargruppa.

2015-08-20 18.42.04
Danseposten

Fredag reiste ca 70-80 Evenstad studentar til Blæstad for å vere med på festen til Hamar- og Blæstadstudentar. Eg har vore på Blæstad ved eit par høve tidlegare, men det var fyrste gong eg var der på fest. Utruleg moro, og kjekt å møte endå fleire folk.

laurdag var det skyting (leirdueskyting med hagle, og rifleskyting på blink) og grilling. Det var mange slitne studentar denne dagen, så då var det godt med ein roleg dag.

2015-08-22 17.33.54
Simon skyt inn våpenet sitt

Sundag reiste ca 30 stk på topptur i solvarmen.

Ettter ei fullpakka veke med aktiviteter og bli-kjent festar er me klar for å bli meir seriøse. Oss som går 2.året på utmarksforvaltning har starta fiskeriøkologi i ferskvatn. Tysdag 25/8 reiser me ut i felt for å drive prøvefiske i Storsjøen (Rendalen) i 3 dagar. Så blir dei neste dagane brukt på fiskelaben der me skal analysere fisken me har fanga (med garn). Fiskeriøkologi er det einaste faget me har i blokk I, og det verkar som eit spanande fag. Me gler oss!

2015-08-24 14.16.17
Klargjering av feltdagane i fiskeøkologi

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s