Fiskeriøkologi i ferskvatn

Under fadderveka starta me såvidt undervisinga i det einaste faget me har denne blokka, fiskeriøkologi. Det er eit fag med 15 studiepoeng, der me skal skrive to rapportar (1 gruppe, og ein 1 individuell), og til slutt har munnleg eksamen i oktober. Men før me kan starte med rapporten må me ut å samle data, og det gjorde me førre veke. I sist blogginnlegg nemnte eg at me skulle ut i felt for å prøvefiske i Storsjøen, og no skal eg fortelje litt kva me faktisk dreiv med.

11911862_10156066051480093_651424946_n
Kim dreg fisken i land
11938698_10156066051915093_369657542_n
Å få fisken ut av garna er ikkje berre berre!

Gruppa mi (på 7 stk) dro heilt opp på nordsida av Storsjøen for å drive prøvefiske der (ca. 40 km frå Evenstad). Tysdag kveld satte me til saman 27 garn (18 botngarn, og 9 flytegarn). Morgonen etter dro me ut for å dra opp fangsten, og den var ikkje reint liten. Iløpet av natta hadde det gått 480 fiskar i garna! Alle desse skulle målast og vegast. I tillegg skulle me undersøkje ekstra nøye ein del av desse. Det vil sei: skjellprøvar, otolittprøvar, kjønnsbestemming, sjå etter parasittar, magefyll, feittmengde, vevsprøve, fettfinneprøve, osb.

2015-08-26 13.33.04
For å finne otolittar må eg skjere vekk hjernen på fisken

Me satt saman rundt eit bord og samarbeida med å dele arbeidsoppgåvene. For at ikkje det skulle bli for monotont arbeid roterte me posisjonane våre, dermed fekk alle prøve seg på dei ulike arbeidsoppgåvene.

2015-08-26 14.17.20
På leit etter otolittar for å finne alderen på fisken
2015-08-26 14.17.42
Kasper i full konsentrasjon!

Å gjennomføre forskning på 480 fiskar tek tid, og me var ikkje ferdige før klokka var 22:00. Då satt me alle rundt bordet med hovudlykter for å kunne gjere ferdig arbeidet. Tidlegare på kvelden hadde me satt ut garna igjen.

2015-08-26 13.01.31
Helene sløyar fisken for å sjå undersøkje den innvendig

Torsdag morgon starta me kl 06:00 med å dra dei første flytegarna, deretter botngarna. Igjen var det ca 500 fisk i garna. Denne dagen visste me kva som måtte gjerast, og me trengte ikkje så mange detaljerte prøvar (mål og vekt var nok på dei fleste). Kl 15:00 på torsdag var me ferdige med totalt 942 fisk på to dagar. Me pakka ned stasjonen vår og reiste tilbake til Evenstad. Fredagen var det lab-undervisning, der me fekk innføring i korleis me brukar labratoriumet for å aldersbestemme fisken.

2015-08-26 13.14.01
Trine-Lise og Kim Andrè i full sving

Vanlegvis er det ikkje så mange fiskar under prøvefiske, men dette var eit unntak. Heldigvis tok me ein del aure, og nokre av desse fekk me med oss heim.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s