Å leva som ein student

Å vere fulltidsstudent betyr ikkje berre å jobbe foran pulten med blyant, papir og lærebok. Det er viktig å koble av til tider, og det har eg nyleg gjort. Førre veke reiste eg til Bergen for å ta meg ein ferietur i utlandet.

For to år sia blei eg kjent med amerikanske Lauren, og ettersom eg er relativt god på å halde kontakten med vennene mine, så har me forblitt vener. For ca 3-4 månadar sia flytta ho til Hawaii for å jobbe på ein båt (snorkling og kval-safari). Difor nytta eg sjansen til å ta meg ein tur til Hawaii. Dermed gjekk turen frå Bergen til Hawaii, via London og Los Angeles.

Honolulu.

Enkel moro

Godt likt på Starbuck ser det ut som

Å kjenne folk som er lokalkjente er gull verdt når ein besøkjer ukjente stadar. Og det har eg merka denne veka.

Fyrste dagen dro me ut på ein tur gjennom jungelen. Me hoppa i «vinelands» som er veldig sprettent og mjukt, deretter følgte me elva via fossefall/dammar heilt ned til sjøen. Ein fantastisk tur som få turistar får oppleve (me måtte gå gjennom ein del privat eigendom).

Slik reiser me på Hawaii
 Ein eigen fornøyelsespark i jungelen
Klare for tur

Seinare var eg med på camping med fleire lokalkjente folk, og me gjorde alt frå klippehopping til utforskning av undervannsgrotter. Adrenalinfylt tur med andre ord. Om eg ikkje hadde kjent folk på Maui (øya eg er på), så hadde det blitt mykje mindre spontanturar og actionrike turar. Det er mange måtar å beskrive paradis på, men dette er kanskje eit av mine paradiser.

Etter ei veke på Hawaii er det på tide å reise heim til Noreg, men ettersom me har langhelg denne veka skal eg vere heime i Fresvik for å samle inn data til bacheloppgåva mi.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s