Å vere ny student på Evenstad

I år starta heile 150 nye studentar på Evenstad. Dette er store tal for ein campus som har ca 250 studentar totalt dei siste åra. Eg vil også påstå at dei nye studentane påverkar miljøet i svært stor grad. Dei fleste 2. og 3. klassingane har mykje feltarbeid og dei aller fleste bur i hus utafor campus, istanden for i studentbustadane. Eg hugsar godt kor tomt campus føltes ut for eitt år sidan, når det berre var 1.klassingar rundt omkring.

Så dette innlegget er til både kommande og noverande nye studentar på Evenstad.

«Ansvar for eiga læring» er jo eit kjent begrep i høgare utdanning, men «ansvar for eiga moro» er også eit begrep som blir brukt på Evenstad.

eveenstad
Evenstad er blitt større enn dette, men framleis ein relativt liten campus

Heldigvis har me aktive studentar som dreg i gong aktivitetar som volleyball, innebandy, basketball, fotball osb. i vekedagane. Gymsalen blir dermed godt brukt.  Fellesjogging skjer omtrent ein gong i veka. Me har lavvoar som står 24/7, med grill/bålplass. Det finst kanoar, kajakkar, syklar og diverse utstyr som kan lånast gratis. Me har eit musikkrom, så om ein er musikkinteressert, men ikkje har eige instrument, så kan ein bruke skulen sine. Det finst mange turmogelegheiter i område, dei aller fleste i ein dyrerik skog (ulv, elg, rev, ørn osb.). Til slutt vil eg nemne at studentrådet arrangerer vaffel-fredagar. Det vil seie at enten studentar eller tilsette steikar vaflar kvar fredag, som er klar til å etast kl 14 i kantina. Dette er endå eit tiltak for kosleg sosialisering mellom studentane (og tilsette) før helga startar.

bål
Mille varmar seg ved bålet, saman med ein drøss pølser og svoltne studentar

Om ein ynskjer å vere aleine på tur, eller finne på noko på eiga hand, så er Evenstad perfekt for det. Eg trivst svært godt i stillheita, spesielt når snøen kjem. Men om ein vil vere med vener, eller få seg nye vener, så kan ein enkelt bruke Facebook-gruppa vår. Om du vil finne på noko, og lurar på om nokon andre vil vere med, så er det berre å poste det her.

capture image
Evenstad gruppa blir mykje brukt

Så moralen i innlegget er at ein må vere flink til å enten dra igang aktivitet som ein har lyst å drive med, eller bli med på aktivitet som høyres alt frå pittelitt kult ut til kjempekult. Det skal også nemnast at det er fleire aktivetetar som blir dreve med på Evenstad, men som eg ikkje kjem på i farten. Ein må berre leite seg fram 🙂

2015-09-19 08.13.24
TV-sjåing kan også vere sosialt

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s