StorHK og feltarbeid

Den siste veka er det skjedd to hendingar som eg vil snakke om. Den første er valet av nestleiaren i StorHK, (som er ein forkorting av Studentorganisasjonen i Hedmark).

StorHK er ein non-profit organisasjon som arbeider for studentanes rettigheiter. Om det er noko studentane er misnøgd med, noko som bør fokuserast meir på eller berre noko generelt som bør takast opp, så kan studentane kontakte StorHK (enten banke på kontordøra i Elverum, eller sende e-post til storhk@hihm.no).

soeker-engasjerte-studenter_large
StorHk

Som nestleiar har ein blant anna ansvar for bistandsarbeidet som studentane på Høgskulen i Hedmark bidreg med. Kvar år støttar studentane opp mot 400 000 kr gjennom semesteravgifta (50kr pr. år).  Ein samarbeida også tett med andre organisasjonane både på landsbasis (SNO, FoU) og lokalt (parlamentet, SAIH).

Førre onsdag var det val av nestleiar, som då er eit ganske stort verv. Eg måtte sjå på timeplanen min to gonger, for å vere sikker på at eg hadde tid til mykje ekstra abeid, før eg stilte som kandidat. Prosessen er slik at det er parlament delegatane som stemmer på den dei meina er den best eigna nestleiaren, så då måtte eg presentera meg på 4 minutt, før eg tok imot spørsmål frå delegatane og leiaren i StorHK.  Det gjekk svært bra for min del, og frå 1.oktober er eg nestleiar i StorHK.

Eg trur det byr på mange spanande utfordringar og eg får møtt mange nye folk. Om det dukkar opp noko spesielt undervegs i vervet, så skal eg formidle det på HiHm-bloggen.

fiske
Set garnet saman med far og hund
fiske6
Opp med gapet

Det andre som skjedde den siste veka var feltarbeidet til bacheloroppgåva mi. Eg reiste heim til Sogn torsdag, for så å sette ut 14 fiskegarn både fredag og laurdag. Planen var å fiske ut ein del fisk frå Jashaugvatnet.

Det var ikkje så enkelt som først antatt. Men etter to netter hadde eg fått opp 65 fisk (totalt 6,9 kg).  No får eg ikkje tid til å fiske meir denne hausten, og det er berre å vente til neste haust for å gjere ny prøvefiske.

fiske2
Setting av flytegarn
fiske7
Dreg garnet. Akkurat her var det litt fisk

Det positive svaret eg fekk denne helga var at nesten halvparten av all fisk eg fanga var komme av naturleg forynging, så då kan det vere lurt å enten redusere antal settefisk eller slutte heilt med det.

Eg fekk filma litt av fiske, og håpar eg får laga ein film i løpet av veka.

fiske5

fiske9
Undervatn-bilete.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s