Fullt køyr

Tida flyr på Evenstad, og det er stadig noko som skjer! Dei siste vekene har eg laga videoblogg for Høgskulen i Hedmark (HH). Desse videoane har blitt lagt merke til av både medstudentar og tilsette på dei forskjellige campusane. Når eg får slike tilbakemeldingar som eg har fått så langt, så gjer det arbeidet mitt litt enklare. Eg skulle ønske eg hadde tid til å lage videoblogg kvar veke, men det er svært tidkrevjande å sitte å redigere filmklipp. I staden får det bli litt blogging, og litt videoblogging.

Denne veka tenkte eg å skrive om litt om kva som skjer på campus.

For ikkje så lenge sidan flytta me treningsrommet frå Annestu til «veterinær-huset» midt på campus. Me har søkt om økonomisk støtte for nytt treningsutstyr, og håpar det går igjennom slik at me får vesentleg betre treningsfasilitetar. Me fekk samla ein gjeng studentar og flytta alt av utstyr. Det må ha vore over eitt tonn med utstyr. Berre tredemølla vog jo ein del.

2015-10-12 13.49.34
Tredemølla var ein smule tung å flytte…
2015-10-12 14.08.26
Kim-Andrè og Bernando

Alle studentane har no flytta ut av Annestu og det klart for å rivast, men det blir framleis brukt på alternative måtar. Seinast i dag var det militær trening i bygget.

Planen er at heile bygget skal jamnast med jorda i november, inkludert Biotopen (studentpuben). Det vil seie at me får ny biotop i nær framtid(!).

Etter at eg blei valt som nestleiar i StorHk (Studentorganisasjonen i Hedmark) har det blitt mykje møteverksamd. Og i tillegg blir det litt arbeid med blogging og skulebesøk i forbindelse med PR-teamet. I morgon tek eg og Fredrik (som studera sjukepleie i Elverum) turen til Flisa for å promotere HH føre masse 10.klassingar. Eg trur det blir ein artig kveld og håpar at nokre av 10.klassingane har tenkt på høgare utdanning.

2015-10-19 20.55.32
Mille visar meg korleis ho slappar av. Eg prøvar å lære

Neste veke reiser eg og Eirik (gamer frå Hamar) til Skarnes på ei anna ungdomsskulemesse. Eg var med på det i fjor, og naturleg nok ga det meirsmak.

Til slutt kan eg nemne at allereie neste torsdag er det munnleg eksamen i fiskeriøkologi, og når den er over vil ¼ av dette skuleåret vere over. Tida flyr unormalt fort her på Evenstad!

2015-10-18 16.25.09
Hausten er her. Sognefjellet.
2015-10-18 12.25.22
Evenstad kan lett forbindast med jakt. Mille har fått sansen for hjort!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s