Viltøkologi, Halloween og ny Evenstad-film

Førre veke hadde me munnleg eksamen i fiskeriøkologi, og det gjekk jo strålande etter ein intens sluttspurt på faget/emnet. Ettersom det var eksamensveke førre veke er det Halloween fest i kveld(!), så undervegs i blogginnlegget kjem det nokre fine bileter frå kvelden.

No har me starta på ei ny blokk, og nytt emne. Denne gongen er det viltøkologi som står for tur. Me fekk ein innføring i emnet på måndag, og starta med undervisinga i dag (tysdag). Det verkar som eit intensivt kurs, men svært spanande. Ettersom det stilles arbeidskrav under heile studielaupet forventar eg at eg får ei jamn læringskurve fram til eksamen i januar.

12202178_10156286129910093_1375717369_n

I viltøkologi skal me lære om genetikk, åtferd, populasjonsdynamikk, artsbiologi (frå smågnagarar til store rovdyr) og forvaltning av vilt. Kvar måndag skal grupper presentere 5 minutt om førre vekes tema, og då vil det blir brukt powerpoint, film (yay!), skodespel (yay!), bildeslideshow etc.. Me får eigentleg bestemme heilt sjølv. I tillegg skal det skrivast eit essay som leverast saman med presentasjonen. Det kan verke som om forelesar oppmodar oss til å bruke humor, og tenke utafor boksen. Det likar eg.

12201037_10156286126260093_19011545_n

Naturlegvis skal me også ut i felt, me er tross alt Evenstad studentar. På torsdag reiser me til Hjerkinn kl. 07.00, og kjem att kl. 19.00. Der skal me sjå på dyregraver og få undervisning om reinsdyr.

Etterkvar som gruppa mi lagar videoar har eg tenkt å dele dei på bloggen her, om dei ikkje blir for usaklege. Videoane eg lagar har ein tendens til å bli litt useriøse (men forhåpentlegvis underhaldande og litt lærerike).

12207944_10156286130575093_1424850247_n

I dag er det Halloween fest på Biotopen. I fjor skreiv eg nokre ord om festen som var då, og ettersom utkledinga i år ser ut til å vere endå betre enn i fjor må eg nesten skrive litt om det. Eg legg nokre bileter frå festen, og så legg eg ved ein video som eg laga saman med nokre kameratar førre helg. Hovudtanken bak videoen er at ein kan ha det morosamt på Evenstad, sjølv om det ikkje er flust med «normale» aktivitetstilbod.

12188351_10156286131130093_75276366_n

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s