Evenstad på seinhausten

Etter hausttakkefesten for to veker sidan har det roa seg på Evenstad. Snøen og kulda har komme til Stor-Elvdal og det nærmar seg slutten på elgjakta og starten på juleferien.

Ei helg på Evenstad. Kva gjer eg?

For nokre veker sidan fekk Studentsamfunnet på Evenstad økonomisk støtte frå velferdsfondet til å kjøpe inn nytt treningsutstyr, til stor glede for studentane. Over helga satt eg saman den nye tredemølla som no er klar til bruk. Me har også fått kjøpt inn ein del anna utstyr som benker, vekter, manualar, matter osb. Neste år skal høgskulen bygge eit nytt treningsrom på Låven, slik at me får endå meir plass til dei aktive studentane våre.

2015-11-27 16.24.48.jpg
Ny tredemølle. Fancy greier!

 

Når det er helg plar det å vere ganske lite som skjer, men då er det viktig å finne på ting som gjer dagane spanande.

Laurdag ettermiddag drog eg og 4 andre til Elverum for å nytte oss av klatreveggen. Faktisk var alle 5 frå forskjellege land i verden: Norge, Sverige, Tyskland, Nederland og Spania. Det gir vel eigentleg eit godt bilete av korleis det er på Evenstad. Fleirkulturelt og stor variasjon blant studentane, og samstundes eit godt samhald.

2015-11-28 16.06.06
Malin til høgre på veggen

 

Laurdag kveld, når det regna og blåste utafor var eg og Mille på oppdagingsferd i Annestu, som skal rivast 18.januar. Det ligg framleis mykje forskjellig rot på loftet, men me fann ingenting som var så spanande at eg kan skrive om det. Fann ingen spøkelse heller.

Natt til sundag snøa det igjen, og eg tok Mille på ein tur opp Tronkeberget. Turen starta i 1 cm med snø, og på toppen var det 10-15. Eg laga ein kort film for å vise framtidige studentar den mest populære turruta for Evenstad-folket.


Eg brukte også helga til å arbeide med bacheloroppgåva, der eg framleis analyserer aure frå eit fjellvatn i Sogn. No har eg nesten gått gjennom alle 79 fiskar, og eg kan snart byrje å sjå resultat frå prøvefisket som blei utført i september. Å sjå på mageinnhaldet er spesielt interessant.

2015-11-28 09.14.55
Eg finn mykje rart i magesekkane på fisken

 

Kvardagen

På måndag var det tilbake på skulebenken og dagen starta med quiz i viltøkologi. Der stakk Gruppe 4 av med sigeren 😀 Premien var julemarsipan frå 1915.

2015-11-30 11.04.08
Premie til quizvinnarane

 

No ventar nokre veker med innleveringar og diverse framføringar føre klassen. Men om godt og vel 2 veker er det juleferie, og me kan ta ein velfortent pause før eksamenstida startar i januar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s