Viltøkologi og bioenergi

Det er meir eller mindre nøyaktig to veker til eksamen, og i denne blokka har eg to emner. Viltøkologi (15 studiepoeng) og bioenergi (7,5 studiepoeng). Eg tenkte å forklare litt om kva emnane i denne blokka handlar om, spesielt viltøkologi som er ein vesentleg del av utmarks-utdanninga.

Over dei tre siste månadane har me blir undervist i viltøkologi av Morten Odden og her lærer me om økologien (læra om interaksjonar mellom organismar og miljøet) til norske viltartar. Alt frå hjortevilt til villsvin. Me lærer om korleis ein kan forvalte vilt, både jaktbar og ikkje-jaktbare vilt. Kva har rovdyr å sei for enkelte planteetande dyr? Korleis kan ein forvalte både rovdyr og byttedyr (hare, hjort, rådyr, skogsfugl etc.) i same område? Korleis er åtferda til dei enkelte dyra våre? Korleis kan me beskytte dyra frå å dø ut? Kvifor er det nesten ingen elg på Vestlandet, og nesten ingen hjort på Austlandet?

2015-11-06 12.13.02
Bilete frå eine gruppeoppgåva i viltøkologi. Her er me med «isbjørnen»

Dette er berre nokre spørsmål du kan få svar på når ein lærer om viltøkologi på Evenstad. Undervegs i kurset har me framføringar føre klassen, der me fortel om det me har lært, kvar gruppe har ulike tema dei presenterar. Me har også innlevering av ei individuell oppgåve der ein skal samle informasjon frå forskingsrapportar og med det skrive ei oppgåve litteraturoppgåve.

2015-11-05 10.34.19
Tidlegare i haust var me på Hjerkinn for å høyre og sjå på fangstgrop og villrein

No går me mot innspurten. Onsdag 20. januar er det skrifteleg eksamen, og for fyrste gong på Evenstad blir det gjennomført elektronisk eksamen. Det blir svært spanande om det går glatt. Eg er iallfall svært positiv til utviklinga.

Eit program som går på NRK1 er Villmarkas voktere som er ypparleg underhaldning for dei som er interessert i utmark, og spesielt viltforvaltning. Episodane kan ein sjå nett-tv her: Villmarkas voktere, NRK TV. Kan også nemne at Lars Gangås, som er den første du blir kjent med i programmet var gjesteførelesar på Evenstad like før jul. 

I tillegg til viltøkologi, som er eit obligatorisk emne for 2.klassingane som går utmarksforvaltning tek eg også bioenergi, som er obligatorisk for dei som går 3.året på skogbruk, og dei som tek årsstudium i skog.

Bioenergi er energi som kjem enten direkte eller indirekte frå forskjellege typar biologisk materiale, til dømes skogavfall (bark, flis), gjødsel, ved. Bioenergi går gjennom fotosyntesen. Undervegs i emnet lærer me kor mykje energi ein får ut av til dømes ein kubikkmeter med ved, samanlikna med ein liter råolje eller elektrisitet. Deretter ser me på prisforskjellar og reknar ut kva som eigentleg er mest økonomisk å nytte seg av. Det blir litt utrekning på excel, noko eg synes er ganske greitt og oversikteleg. Eksamen i bioenergi er måndag 18. januar.

bio
Bioenergi. Energi rett frå treet

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s