Eksamen og riving av Annestu

Me på Evenstad har som tidlegare nemnt litt annleis system. Her blir skuleåret operert i fire blokker, og ikkje to semester som er meir vanleg. Og no, i veke 3 er det eksamensveke. Samlege studentar har eksamen denne veka og dei aller fleste niles frå tidleg morgon til seint på kveld.

lesing
Lesing og trening samstundes

I går (måndag) hadde eg eksamen i bioenergi saman med 3.klasse skogbruk, og dei som tek årsstudium skog. 3 timars eksamen der nesten alle satt ut tida, noko som er elles uvanleg. Me skreiv om brennved, brennverdi, fjernvarme og elektrisitet.

bål
På fredag tok eg middagen ute i lavvoen. I minus 20 varma veden godt.

I morgon er det eksamen i viltøkologi. Det blir historias første digitale eksamen på Evenstad. Mest truleg vil alle skriftlege eksamenar føregå på datamaskin i framtida. Det blir svært spanande å sjå korleis det går, om det går som smurt, eller om det blir tekniske problem undervegs. Høgskulen (IT-avdelinga) har testa systemet svært mange gonger og kvar gong har det gått bra. No er me (2.klasse utmark) klar for å skrive om rovdyr, hjortedyr, småvilt, forvaltning og så mykje meir i den fire timars lange eksamen.

løp
Kulda har komme til Evenstad, men det er me berre glade for 🙂

Medan me sitt å niles til eksamen er det store endringar på gang på campus. Annestu skal som kjent rivast, og det skal komme eit heilt nytt bygg på plass. Den siste veka har det vore gravemaskiner som har starta med nedplukkinga av bygga, og i dag er nesten heile Annestu jamna med jorda. Snart blir Veslestu også reve ned, før dei startar bygginga av det nye bygget, som vil bli kopla saman med hovudbygget. Eg trur det blir fantastisk bra, men er redd for at det først blir ferdigbygga etter at eg har fullført studiet mitt (våren 2017).

annestu
Slik ser Annestu ut no, borte vekk!

Men studentar som kjem til hausten vil i alle fall få stor nytte av heilt nye fasilitetar. Meir grupperom, større klasserom/forelesingssalar, fleir kontor og så bortover. Eg gler meg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s