Bachelor i skogbruk på Evenstad

No har det seg slik at eg starta som utmark-student, men fann ut at skog var like spanande som utmark, så då bestemte eg meg for å ta bachelor i både skog og utmark, samstundes! Det er fleire studentar som tek ein av delane, og så supplerer på med eit år med den andre studieretninga, for å få ei breiare utdanning.

Utdanningsløpet er nokolunde likt, med nokre skilnader. Bileta under viser oversikta over dei obligatoriske emna ein må ta.

 

utmark
Emneoversikt for utmarkstudiet

 

Skogbruk
Emneoversikt for skogstudiet

Som du kan sjå er det første året i utmarksforvalting og skogbruk nesten heilt likt, så etter ein bachelor i til dømes utmarksforvaltning treng ein om lag 70 ekstra studiepoeng for å få godkjent skogbruk på vitnemålet.

Sjølv om eg berre er halvveges i studieløpet mitt på campus Evenstad (info og nyhende frå Evenstad), så har eg starta med begge bacheloroppgåvene mine. Her prøver leiinga å få oss i gang med bacheloroppgåva allereie no, noko som er svært positivt. Om me ventar for lenge vil det truleg bli eit dårleg produkt.

Førre haust utførte eg prøvefiske i Jashaugvatnet, eit aurevatn i indre Sogn. Utover hausten og fram til desember satt eg mykje på fiskelaboratoriet med dei 80 fiskane eg analyserte. No brukar eg det datasettet i emnet «vitskapleg metode og statistikk».

2015-11-28 09.14.14
Noko av mageinnhaldet i fisken eg analyserte

Bacheloroppgåva i skogbruk har vore verre. Eg har ikkje like mykje kunnskap om skogbruk og brukte meir tid på å finne ei god problemstilling eg kunne jobbe ut ifrå. Men den siste tida har eg bestemt meg for å jobbe innanfor logistikk i skogbruket, då spesielt på vestlandet. Det har blitt mange telefonar til ulike aktørar i næringslivet, og det er akkurat dette som kan få meg til å ende opp i ein jobb eg vil ha. Å danne nettverk er halve poenget med bacheloroppgåva.

Planen er at eg skal gi dykk ein oppdatering i veke 17 om bacheloroppgåvene mine, og eg håpar å ha endå meir konkret å vise fram. Dette vil vere til inspirasjon for framtidige bachelorstudentar.

Når ein studerar på Evenstad er det praktiske arbeidet lagt i starten og slutten av skuleåret, når det er best forhold til å vere ute. I økologi og mangfald (som er frå januar til april) er det nokre sporingsdagar der ein er ute å leitar etter dyrespor. Det å ta klasserommet med seg ut er kanskje noko av det kjekkaste på Evenstad. Å samle data ute, for så å gå gjennom det i klasserommet etterpå gjer det heile mykje meir spanande. I tillegg blir undervisinga meir spanande når ein sjølv har vore med på funna.

Om du vil lese meir om AØL (Avdeling for anvendt økologi og landbruksfag) så kjem det nyhende omlag kvar veke på denne sida: AØL (Blæstad og Evenstad)

Eg vil avslutte med å sei at eg vil sitte som Chat vakt 15. og 17. februar frå kl 18-21. Då kan du chatte med meg frå www.hihm.no. Dette er ein perfekt anledning for framtidige studentar å snakke direkte med ein Evenstad student om til dømes det studentsosiale og korleis det er å være student.

 

 

chat2

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s