Ny StorHk leiar og

Onsdag 17.2 blei Oliver Korssjøen valt som ny leiar. Han vil få ein opplæringsperiode saman med noverande leiar, Stian Aanerud, fram til 1.mai når Oliver offisielt trer inn i stillinga si som StorHk leiar.

Valet skjedde under parlamentsmøte onsdag ettermiddag på campus Hamar og den nye leiaren gjekk frå å vere studentrådsleiar på Hamar til leiar for Studentorganisasjonen i Hedmark (StorHk). Stian Aanerud er leiar i dag og vil sitte ut tida si fram til 30.april.

Alle studentane som har betalt semesteravgift kunne stille som leierkandidat, men for å stille til val måtte ein samle inn minst 10 studentnominasjonar og svare på eit e-post intervju. Etter intervjuet ville StorHk-styret innstille seg på den beste kandidaten, og så var det opp til parlamentet å velje leiar.

StorHk jobbar for rettigheita til alle dei 8400 studentane i Hedmark, med andre ord, å vere leiar er ein stor jobb. Eg jobbar som nestleiar og vil vere Olivers høgre hand. Kvar veke møtes me saman med organisasjonsrådgjevaren der me jobbar med ulike prosjekt. Det kan vere opplæring av ulike stillingsverv som er i fokus, valkampanjar, studentanes bistandsprosjekt, eller ulike seminar som skal arrangerast.

Om du skulle vere ein eksisterande student, eller framtidig student, så er mitt råd å engasjere deg i studentorganisasjonen. Ein blir kjent med mange nye folk, du dannar deg eit nettverk og du kan få sett store delar av både Hedmark og resten av landet om ein ønsker det. I tillegg verdifull røyndom og lærdom.

No om dagen er eg mykje ute på farten for å formidle kva me har av studietilbod i Hedmark. For om lag to veker sidan var eg i Trondheim på utdanningsmesse, førre veke var eg på 9 skulebesøk rundt omkring i Hedmark og Oppland. Denne veka var eg i Oslo på utdanningsmessa i Spektrum og møtte masse potensielle HiHm-studentar, og det er alltid kjekt, spesielt når dei seier dei vurderar å søke seg til Evenstad 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s