Statistikk og vitenskapelig metode, naturveiledning og landbruksvei

I dette blogginnlegget skal eg fortelje om tre emner du vil ha i ein bachelorgrad i skogbruk eller/og utmarksforvaltning.

Emna startar i midten av januar og eksamen vil vere i munnleg eller skriftleg form i byrjinga av april. Ettersom me nyttar oss av blokksystem på Evenstad (4 blokker med ein til to emner i kvar blokk) er det intensivt opplegg med bratt læringskurve i dei fleste emna.

Det første emnet eg skal snakke om er det mest omfattande, nemleg statistikk og vitskapleg metode. I fjor lærte me litt om statistikk i rapportskriving (eit emne alle Evenstad studentar har i blokk 2), men denne gongen går me grundig til verks. Her lærer me blant anna om t-testar, (ein-vegs og to-vegs) ANOVA, ANCOVA, lineær regresjon, hypotesedanning og multippel regresjon. Kvar veke har me ei gruppeoppgåve som skal leverast fredag kl. 23:59 der me jobbar med det me har lært. Dermed er det nok å henga fingrane i ved sidan av undervisningstida. Til tider kan det vere mykje gruppejobbing, og då er det viktig å finne ei gruppe der samarbeidet er bra. Etter eit år på Evenstad har nok alle studentane funne kven dei jobbar godt med, og læraren gir oss fridom til å velje grupper sjølv. I tillegg til å lære og øve på statistikk med Excel og Rcmdr har me undervisning om vitskapleg metode. Her blir det meir fokus på oppgåveskrivinga og det gjer oss betre førebudd til bacheloroppgåva som skal leverast april 2017.

kfaktor og lengde 2007 og 2015
y? x? r2? Her er eit diagram frå bacheloroppgåva mi, noko som skjønar noko av punktdiagrammet?

 

Naturrettleiing (naturveiledning) er emnet der du får kompetanse til å bli til dømes guide, eit svært aktuelt yrke for oss som studera utmarksforvaltning.  Me var på tur til Skogmuseet i Elverum tidleg i februar for å sjå korleis det blei gjort der, og det var mange tilsette som var svært dyktige. Eg håpar me klarte å plukke opp nokre teknikkar og idear som kan gjere oss til dyktige naturrettleiarar i framtida. Om ei vekes tid skal me studentane i elden, då me skal vere «guide»/naturrettleiar for både vgs-elevar frå Koppang og internasjonale studentar her på Evenstad.

unspecified
Bilete frå dagen på Skogmuseet i Elverum

 

Landbruksveg har blitt meir og meir aktuelt den siste tida, og det er i hovudsak skogbruksstudentane som tek dette emnet, ettersom det er for det meste snakk om skogsbilvegar. Visste du at det finst ca. 50 000 km med private skogsbilvegar i Noreg? Men i løpet av dei siste 25-30 åra har det blitt bygga i snitt ca. 200-300 km pr. år. Det vil sei at det finst ein masse gamle skogsbilvegar, og svært få av dei held dagens standard. Det er mange krav som skal oppfyllast, alt frå slitedekklag til stikkrenner. I emnet landbruksveg lærar me om alle dei 8 vegklassane me har i Noreg. Etter fullført eksamen, skal me kunne vite korleis ein landbruksveg blir laga, kva slags dimensjonar det er snakk om, kostnad pr. meter, planlegging, utføring og vedlikehald.  Tidlegare gjekk dette emnet berre annakvart år, men ettersom det er så stor etterspurnad om denne kompetansen går det kvart år.

Evenstad brua
Ikkje noko landbruksveg, men ein fin veg og ei fin bru (Evenstadbrua).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s