Siste nytt frå Evenstad

Då nærma deg seg påske og eksamenar på Evenstad.

For dei som ikkje skal delta på Birken til helga, så tek dei fleste Evenstad studentane ferie i morgon. Når dei kjem attende er det ei siste veke med undervisning før eksamenskøyret startar. Men kva har skjedd dei siste vekene inni skogen (Evenstad)? Jo. Ei handfull studentar har fått Skogkurs til å arrangere motorsagkurs på campus, der den praktiske delen blei gjort i Rendalen. Kurset varte over to dagar, og det var såpass mange påmeldte at det blei satt opp over to helger. Førre haust fekk me til eit fotokurs på Evenstad, og kven veit kva det neste kurset som blir arrangert omhandlar? Det er opp til studentane kva me får til på ein liten plass som Evenstad. Eg veit det er stor interesse for laftekurs, og om nok folk meldar seg på vil det bli arrangert til hausten.

unspecified (1)
Emil om 2 minutt: «Timber!»

Birken, den 54 km lange skituren som går frå Rena til Lillehammer er knappe 4 mil sør for Evenstad. Og her det 4 felt med skiløyper som går over Hedmarksvidda. Ein fantastisk trasè som kan bli brukt av alle. Eg tok ein tur opp med hunden min Mille på 3 års dagen hennar. Eg kom på høgste punktet akkurat i tide til å sjå solnedgongen.

unspecified
På høgaste punktet. Ca 13 km frå Rena.

For dei som ikkje alltid vil reise til Rena for å gå på ski, så er det skiløype på Koppang (2 mil nord for Evenstad), i tillegg til ei løype på Evenstad som er om lag 10 km lang. Det er klassisk-løyper som blir køyrt opp med ujamne mellomrom, men absolutt bra nok til å ta ein morgontur med hunden.

ski koppang
Skiløypa på Koppang
Skitur, evenstad.PNG
Skiløypa på Evenstad

Ettersom søknadsfristen for å søkje høgare utdanning snart er her (15.april) så har eg vore ute på tur for å rekruttere nye studentar til Hedmark. Eg har laga ein 5 minutts video med nokre glimt frå turen min som gjekk rundt om i Oppland og Hedmark. Moralen bak videoen/presentasjonane er at ein må gi av seg sjølv, ha det moro og ikkje vere redd for å vere litt anleis 🙂

Håpar du synes den er like bra som eg syntes det var kleint :p

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s