Intervju med Ruben Bøtun

Snart er det søknadsfrist og mange folk der ute i den store verda er kanskje i tankeboksen om dei skal søke Evenstad. Eller heilt andre studieplassar. Eg vil med dette blogginnlegget intervjuet meg sjølv om kvifor eg enda på Evenstad. Eg kjente ingen tidlegare Evenstad studentar og hadde dermed ingen forbindelse med den avsidesliggande «skolgskulen» i  Østerdalen. Likevel førte eg opp Evenstad som 1. og 2.plass på prioriteringslista mi for nøyaktig to år sidan (utmarksforvalting og skogbruk).

Røros
Ruben Bøtun

Kvifor valte du Evenstad?
For tre år sidan fekk eg ei interesse for skogutdanning, og eg søkte meg til Evenstad i 2013. Eg kom inn, men takka nei ettersom eg skulle til Afrika for å jobbe som idrettsfrivillig i eitt heilt år. Når eg var i Afrika tenkte eg mykje meir på Evenstad og leste både på Høgskulens blogg og nettsider. Eg blei meir og meir overbevist om at studieretninga var perfekt for meg. Difor søkte eg Evenstad, og har aldri angra på det valet.

Kva hugsar du frå dei første månadane på Evenstad?
Å komme til Evenstad utan å kjenne nokon er eigentleg som å komme til alle andre plassar, du finn fort folk som er i same situasjon, og du dannar venskap. Det som er spesielt med Evenstad er at det er ganske lite, men folka her har såpass mykje til felles at ein dannar fort gode relasjonar. Det er enkelt å ta ein kanotur på Glomma, eller luftetur med hunden med medstudentane, det er det som dannar langvarige venskap. Det er kanskje det eg hugsar best, også det fantastiske haustværet i skogparadiset.

Kva forventingar hadde du før du kom?
Eg hadde høyrt utruleg mykje positivt om Evenstad som studiestad, og hadde relativt høge forventingar, så ein kan bli frustrert om det ikkje akkurat er som ein ventar. Men etter kvart som tida går blir du berre meir og meir glad i plassen og systemet. Det er som med eit kjærasteforhold. Det blir berre betre og betre med tida 😉

2015-11-06 12.13.02
Mykje moro på Evenstad

Du har no vore her i knappe 2 skuleår, kva hugsar du om du ser tilbake på tida?
Det er mykje eg kan dra fram, og det er mange gode opplevingar. Men kanskje det ein klarar å få til sjølv, som fritidsaktivitetar, felles treningar, gruppearbeid med medstudentar, dei store festlegheitane som hausttakkefest og bachelorfest osb. sitt godt i «minnebrikka».

Det å være på Evenstad handlar om å gjere det til sjølv. Om ein ønsker å grille pølser med klassen, eller dra på skitur med gamle og nye kjente så må ein berre organisere det sjølv, evt. få nokon til å organisere det. Det er sjeldan vanskeleg, og mange sleng seg på aktiviteter, ettersom det er lite anna å halde på med. Me har eigentleg mykje å tilby; (liten) klatrevegg, gymsal, datalab, fotballbane, lavvoar, bålplass, skytebane, masse turmogelegheiter, joggegrupper, lesegrupper, kano, kajakk og så bortover. Om ønsker ein å ta kurs, så er det berre å snakke med studentrådet, eller kontakte aktuelle personar sjølv. Å kunne bidra i så stor grad som ein kan på Evenstad kjem eg til å hugse godt.

Du har eitt år igjen, kva skjer vidare?
Eg ynskjer å gå rett ut i arbeid, og eg trur eg har danna nok nettverk allereie til at eg skal få jobbtilbod, både i skognæringa og utmarknæringa. Det er det det handlar om, å danne nettverk. Om eg får vist meg fram på ein framifrå måte, så håpar eg å få jobbtilbod før eg tek siste eksamen juni 2017. Tida her går fort, og det er nok å henge fingrane i, så eg ser fram til ein normal arbeidsdag. Ettersom eg er vestlending, så har fjord og fjell ei høg stjerne hos meg, så vestlandsjobbar lokkar ekstra.

 

Ruben Bøtun
Utmark og skogstudent på Evenstad.

2015-12-10 20.35.59
Mille ser fram til vaksenlivet, for studenttilværinga kan vere stessande

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s