Til den kommande Evenstad student!

I morgon går søknadsfristen ut, men eg trur det er svært mange som allereie har bestemt seg for å studere på Evenstad. Dei som søkjer til Evenstad har som regel bestemt seg i god tid.

I løpet av sommaren vil du få enkel informasjon frå skulen, i tillegg til ein innbyding til å bli med på fadderveka. Dette er noko eg oppfordrar deg/dykk til å bli med på. Dette er ein fin måte å bli kjent med medstudentane på campus. Det blir arrangert aktivitetar både på dagtid og kveldstid.

5 tips til deg som framtidig student på Evenstad:

1. Det første tipset eg vil komme med er å finne ein plass å bu. Studentsamskipnaden i Hedmark leiger ut studenthyblar, men til dei som har lyst å bu privat, så finst det mange hus/hytter som er til leige i nærområde. Oversikt over tilgjengelege hytter/hus er ikkje så lett, men å sjekke lokalavisa (Østlendingen) for annonsar er eitt tips.

2015-11-27 19.05.52
Finn ein plass å bu før du kjem hit, så søv du godt om natta

2. Det andre tipset er til dei som kjem langvegs ifrå. Eg kom sjølv med toget måndag 11.august i fjor (i år trur eg studiestart er 15.august), etter å ha reist kollektivt frå Sogn. Det gjekk greitt, men prøv å ta med det mest nødvendige. Hyblane har ikkje så mykje anna enn enkel møblering, så ta med sengekle, dyne/pute, kjøkkenutstyr. Billig utstyr som vaskeklutar, såpe, oppvaskkost, etc. kan ein kjøpe på Koppang eller Rena. IKEA ligg like utafor Hamar (ca 100 km frå Evenstad om du har bil). Utekle er viktig, ettersom alle studentane er mykje utandørs i starten av skuleåret. Seinare på hausten (september) har me nokre dagar jaktfri som gir studentar mogelegheita til å reise heim å jakte (og hente meir bagasje).

DCIM100GOPRO
Jakke er viktig 

3. Finn ut kva som er tilgjengeleg på campus. På Evenstad har me meir enn mange er klar over. Utstyr som musikkinstrument (trommer, gitarar, piano etc.) kan lånast nesten når som helst, kajakk/kano/sykkel og andre aktivitetsutstyr kan leigast også (alt er heilt gratis å leige). Å tileigne seg all informasjon om kva me har å tilby er viktig i starten av skuleåret, og her kjem fadderen din inn.

p1010412_medium
Isfiske kan vere både sosialt og sparsomt (middag!)

4. Engasjer deg! Det er mykje enklare å bli kjent med fleir folk om du engasjerer deg i studieaktivitet gjennom skulen. Det kan vere som å ta eit verv i studentrådsstyret, inkludere deg i studentsamfunnet (dei som jobbar for trivselen til studentane) eller, som meg, vere ein del av Studentorganisasjonen i Hedmark (StorHk).  Å opprette eit godt nettverk kan vere ein svært god investering for framtida.

soeker-engasjerte-studenter_large

5. Få eit godt forhold med forelesarar/lærarar. Evenstad er ein liten plass, og når ein skal ut i arbeidslivet så kan det fort hende at ein av forelesarane eller lærarane dine vil bli kontakta av framtidig arbeidsgjevar. Difor er det viktig at du jobbar godt i studietida, og visar interesse for fagområde, sjølv om det kan vere tørt. Vis at du engasjerer deg, bryr deg og er villig til å gi litt ekstra!

Det var  fem korte, men viktige tips til dei studentane som har søkt seg til Evenstad i haust. Eg gler meg til at dykk kjem, og me står klare til å ta imot dykk! Både master, bachelor og årsstudium studentar! Om det er meir du/dykk lurar på, så ikkje nøl med å ta kontakt.

Mvh
Ruben Bøtun

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s