Engasjerte studentar

I haust skreiv eg litt om rolla mi i Studentorganisasjonen i Hedmark (StorHk), som nestleiar. Og i februar skreiv eg om valget av den nye StorHk-leiaren som trer inn i rolla si den 1.mai.

Eg har tidlegare anbefalt både kommande og eksisterande studentar å engasjere seg i StorHk, men eg har ikkje sagt så mykje om kva slags forskjellige verv og tilbod som finst. Ettersom StorHk skal representere over 8000 studentar er det nok av stillingar/verv å fylle. Det er nemleg over 100 verv (inkl. vara) som blir fyllt per dags dato.

For å forenkle forklaringa, så har eg laga eit lite organisasjonskart:

StorHk-gamle aaaau

I starten av kvart skuleår blir det valt ein tillitsvalgt i klassen. Det blir som oftast ein som meld seg frivillig, men om det er fleire  vil det bli valg. Dei tillitsvalgte har som oppgåve å videreformidle beskjeder/spørsmål frå/til klassen til/frå studentrådsstyret. Dei må då møte i studentrådsstyret saman med andre tillitsvalte.

Studentrådsstyret har møter på campus med både tillitsvalte og tilsette på sitt campus. Her blir det tatt opp diverse saker, alt frå foredragshaldara til problem med fasilitetar. I studentrådet blir det valgt nestleiar, internasjonalt ansvarleg og informasjonsansvarleg i september. Valg av leiar og økonomiansvarleg er først på våren (mars).

Studentrådsleiarane frå alle campus (Evenstad, Blæstad, Rena, Elverum og Hamar) møtes i Elverum ca. kvar 3. veke saman med leiaren og nestleiaren (meg) av StorHk og organisasjonsrådgjevaren. Desse 7 studentane + org.rådgjevaren utgjer StorHk-styret.  Her blir det tatt opp saker som blant anna har gått gjennom studentrådet på ulike campus, om sakene ikkje blir løyst vil dei gå vidare til parlamentet med ei instilling frå StorHk-styret.

I StorHk-styret er det leiar, nestleiar og org.rådgjevar som arbeider med sakene mellom møta. Dette utvalet er Arbeidsutvalget. Nestleiar blir valt i september og leiar i februar/mars. Begge desse verva er honorert av StorHk. Organisasjonsrådgjevaren er ein tilsett på Høgskulen som jobbar 50 % for StorHk og 50 % for Høgskulen i Hedmark.

På hausten er det val av parlamentsdelegater, det vil seie dei som tek alle viktige og avgjerande avgjerslane for alle studentane. Her sitt det 12 delegatar fordelt på dei ulike campusane. Alle studentar uansett bakgrunn/røynsle kan stille til urnevalg i august. Parlamentet har 3 møter i semesteret og det blir haldt minst eitt møte på kvart campus.

vote
Foto: dreamstime.com

Elles er det mange råd og utvalg som studentane kan ta del i:

  • Styremedleg i Studentsamskipnaden (velges på vinteren)
  • 2 studentar i SKILLS-styret
  • 2 studentar + 3 vara i Høgskulestyret (velges i april)
  • 2 studentar i klagenemnda
  • 1 student i FoU-utlvalet saman med Nestleiaren i StorHk (meg)
  • Skikkeheitsnemnda, 1 student frå Elverum og ein frå Hamar
  • Mangfald og likestillingsutvalet
  • 2 studentar i utdanningsutvalet
  • 8 studentar som delegater til NSO (velges på våren)
  • Landsstyre representant(er) i NSO (velges av parlamentet på våren)

Kva desse verva inneber kan ein lese på http://www.storhk.no, eller ta kontakt med StorHk på StorHk @ hihm.no 🙂

Du kan lese meir om StorHk på heimesida vår

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s