Blokk 4 – siste innspurt 2015/2016

Då er me komme til siste månad i skuleåret 2015/2016. Tida flyg og om nøyaktig 29 dagar er nok eit skuleåret over. I løpet av dei første 9 månadane har eg tatt 6 emne, og forhåpentlegvis har eg totalt 9 emne når eg tek ferie 10.juni.

I den siste blokka, blokk 4 har eg tre emne, dei er Forvalting av fisk og vassdrag, viltforvalting og skogskjøtsel. Alle skogs-studentar tek skogskjøtsel første året sitt på Evenstad, medan dei som går utmark kan ta det som valfag. Alle 2.klassingar i utmarksforvaltning må velje mellom fiskeforvalting eller viltforvalting. Eg tykkjer begge to er såpass spanande at eg prøver å ta begge emna samstundes. Om det går bra vil eg kunne ha mange mogelegheit neste år, eg kan ta fleire skogfag eller reise utanlands for å studere. Litt om dei forskjellige emna:

Forvalting av fisk og vassdrag:

Her lærer me om å forvalte fiskevatn på ein god måte, det kan vere alt frå fritidsfiske til yrkesfiske/turisme. Om du er ein ivrig fiskar og ynskjer å lære meir om å kunne betre fiskeforhalda på fin favorittplass, så er dette emnet noko for deg. Det er naturleg nok ikkje så mykje praktisk arbeid undervegs i kurset, men me har innleveringsoppgåver me lærer mykje av.

fiske6
Forvalte fisk og vassdrag. Viktig for mange fleir enn berre fisken og fiskarane

Viltforvalting:

Her lærar me om både forhistorien til dei store hjorteviltartane i Noreg, kvar kjem dei frå, kvifor er hjorten på vestlandet og elgen på austlandet, beitetaksering, lovar og forskrifter, bestandsplanar for både småvilt og storvilt og så bortover. Det er mykje me lærar om vilt, og seinast på tysdag var me i Løten for å sjå på furubestand som var sterkt elgbeita. Det var gjort ein masse forskjellige tiltak for å betre situasjonen, med ulike resultat. Det var fasinerande å sjå kor mykje skade ein elg kan gjere. Visste du at èin elg et 15 kilo med mat kvar dag? Det vil sei at om det er 100 elgar i eit område, så et dei 1500 kg kvar dag, på ei veke blir det over 10 tonn! Ikkje rart skogeigarane ønsker å skyte ned elgbestandet!

vilt
Førre tysdag var me å takserte elgskader på furubestand i Løten

Skogskjøtsel:

I dette skogfaget er me ute i felt kvar torsdag for å sjå på forskjellige typar skog, det kan vere frå innførte treartar til ungskogpleie og brannskada bestand. Eg tykkjer det er svært interessant og lærer mykje når eg skriv vekelege rapportar om det me ser/gjer i skogen. Skogskjøtsel (det å stelle skogen) er ein svært viktig del av å arbeide med skog så mykje av det ein lærar her vil garantert vere nyttig i framtida.

forynging-kontroll
No om dagen er det heilt OK å vere mykje ute i skuletida. Her gjer me foryngingskontroll

Om to veker kjem mitt siste blogginnlegg, så om du skal studere på Evenstad, eller kanskje du allereie studerer her, så kan kanskje du blogge for Høgskulen neste år?

Ps. Bilete i headeren (den med soloppgangen og hengekøya) er frå førre helg når eg var på kikk etter orrfugl-leik. Såg både orrfugl og fiskeørn. Lokaliteten er ca 2-3 mil sør for Evenstad 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s