Eit siste blogginnlegg

Då var tida komen for mitt siste blogginnlegg . Eg har no blogga (og studert) i to skuleår på Evenstad. Tida har gått utruleg fort, og eg kan nesten ikkje fatte at eg skal ha min siste eksamen for i år om 15 dagar. 

Eg veit ikkje heilt korleis eg skal oppsummere tida/året i eitt blogginnlegg. Det første eg må sei er at eg gler meg til hausten allereie, naturleg nok etter ein velfortent sommarferie. I sommar har eg faktisk fått to studierelaterte jobbar, den eine er fiskeoppsyn, og den andre er taksering av skog. Begge jobbane er i Sogn og Fjordane, så det blir kort veg til heimtrakter med høge fjell og djupe fjordar.

2016-05-19 09.32.04 (1)
Eit knips frå emnet «Skogskjøtsel»

Men tilbake til studietilværelsen på Evenstad; eg likar det betre og betre. I løpet av tida på Evenstad har eg vakse svært mykje som person. Som nestleiar i StorHk har eg blitt kjent med det å organisere og å leia, og å leie møter er blitt ein leik, (så lenge ein er godt førebudd).  Eg har hatt ein enorm læringskurve der eg har lært om til dømes: vegetasjon, ungskogpleie, fuglar, insekt, skjøtsel av skog, «anatomien» til treet, rovvilt, fisk, kommunikasjon, bioenergi, klima og så vidare. Altså; utruleg mykje. At eg synes det er så kjekt å studere kan vere ein personelegheitsforstyrring, men eg trur at folk flest elskar å lære om det som interesserar dei.

2016-05-05 13.51.23
Etter at eg starta på Evenstad har det aldri vore så moro å studere små dyr som rumpetroll

Som bloggar håpar eg at eg har nådd ut til mange framtidige studentar på Evenstad, og har kunne svara på dei spørsmåla som har komme opp. Eg har sjølv vore i same situasjon som lesaren, og veit kor spanande det er å vente på at studietilværelsen skal starte.

Livet på Evenstad kan vere utfordrande for dei fleste, og eg var mykje frustrert i starten av tida mi, men det går seg til. Evenstad er lite, og det er ganske isolert. MEN om du tek tak og gjer det du har lyst å gjere, så blir det gøy. Om ein ønsker å dra på fisketur med vener, så spør om noko her ønsker å dra på fisketur. Om ein vil ta seg ein fest, spør om det er fleire som vil ta seg ein fest. For om du sitt med ein idé eller ein tanke på kva du har lyst å finne på, så er det mest truleg nokon anna som sitt å tenker nøyaktig det same som deg.

2016-04-29 16.08.34

Mille har fått ei favorittelv; Glomma!

Dermed har eg ikkje så mykje meir å skrive, og skulle det vere noko dykk lurar på så er det berre å ta kontakt på mail eller på Facebook sida. Evenstad-gruppa er eit must for Evenstad-«kaninene» 🙂 God sumar og lukke til med hausten

13254383_10153954690490100_6895393526170195297_n
Ruben & Mille

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s